Historisk arkiv

Regulering av blåkveitefisket i 2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 85/2002
Dato: 11.12.2003
Kontaktperson: Kirsti Henriksen, 22 24 64 91, Johán H. Williams, 22 24 64 40

Regulering av blåkveitefisket i 2003

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2003. Omsynet til bestanden gjer at det framleis er forbode å drive direktefiske etter blåkveite, bortsett frå eit avgrensa kystfiske. Dette er også nedfelt i fiskeriavtalen med Russland.

Fartøy under 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskapar (line, garn etc.) kan delta i eit direkte fiske etter blåkveite i norsk økonomisk sone sør for 71 grader 30 minutt nord, frå mandag 9. juni kl. 00.00 til søndag 6. juli kl. 24.00. Dei som ønskjer å delta i dette fisket må melde seg på skriftleg til Norges Råfisklag eller Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag innan 30. mai. Listene over påmelde fartøy vil bli offentleggjorde.

Fisket vert regulert med maksimalkvotar på 10, 12 og 14 tonn, avhengig av lengda på fartøyet.

I fisket etter andre artar kan ein ha 12 prosent blåkveite som bifangst i kvar fangst og 7 prosent ved landing. For fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar og leverer fangst fleire gonger i veka, skal innblandingsprosenten utreknast på vekebasis.

Bifangst som er teken før det direkte fisket opnar, skal trekkjast frå maksimalkvoten til det einskilde fartøyet i det direkte fisket.