Historisk arkiv

Regulering av rekefisket i sør i 2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.: 106/2002
Dato: 21.12.02
Kontaktperson: Johán H. Williams 22 24 64 40, Kirsti Henriksen tlf. 22 24 64 91

Regulering av rekefisket i sør i 2003

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av rekefisket i Nordsjøen og Skagerrak for 2003. Den norske kvoten neste år er på 8040 tonn. Av dette kan 3310 tonn fiskast i norsk sone i Nordsjøen og 4730 tonn i Skagerrak.

Den samla kvoten kan fiskast over tre periodar. I den første perioden fram til 30. april kan 40 prosent av den samla kvoten fiskast, i dei to neste periodane 30 prosent i kvar periode. Maksimalkvoten for det einskilde fartøyet er sett til 35 tonn i første periode og 30 tonn i kvar av dei etterfølgjande periodane.

For å kunne delta i rekefisket må fartøy over 11 meter ha levert reke i minst eitt av åra 2000, 2001 eller 2002.

Fiskeridepartementet vil foreta ei vurdering av Krepsetrålutvalet si innstilling på nyåret. Eg finn det ikkje formålstenleg å iverksetje eventuelle endringar i utskiftingsregelen før innstillinga er vurdert nøye, seier Fiskeriminister Svein Ludvigsen.

På grunn av at EU og Norge ikkje har inngått ei endeleg bindande avtale for dei gjensidige fiskemuligheitene for 2003, kan denne forskrifta måtte endrast tidleg på nyåret. Derfor kan fiske inntil vidare berre foregå i internasjonalt farvatn, norske soner og utanfor 4 mila i Skagerrak.