Historisk arkiv

Svar på spm. 42 fra Finanskomiteen/SPs fraksjon av 29.04

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

Selvstendig næringsdrivende, øking av skatt

Finanskomiteen
Senterpartiets fraksjon
Stortinget
0026 Oslo


Deira ref


Vår ref


Dato

FIN/ML/MOS

04/1396 SØ

6.05.2004

Spørsmål nr. 42, frå Finanskomiteen/Senterpartiets fraksjon, av 29.4. 2004, vedrørande St.meld. nr. 29 (2003-2004) Om skattereform

"Av svar på Senterpartiets spørsmål nr 17 går det fram at sjølvstendige næringsdrivande vil få auka skatten sin med om lag 57 millionar kroner. Vi bed om ei oversikt over kva for næringar og inntektsgrupper desse tilhøyrer. Vil dei i nokon grad verte kompenserte gjennom andre føreslåtte endringar i skattesystemet?"

Svar:

Spørsmål nr. 17 frå Senterpartiet gjeld kun endringar i minstefrådraget og oppheving av lønnsfrådraget. Samla endring i skatt av Regjeringa sitt forslag vil avhenge av dei andre endringane som skisserast Det er ikkje mogleg å berekne korleis desse endringane vil slå ut for ulike næringar, fordi skattestatistikken ikkje gjev grunnlag for ei slik fordeling på næringar. Tabell 1 nedafor viser korleis endringane slår ut for ulike inntektsgrupper for alle sjølvstendige næringsdrivande, medan tabell 2 viser tilsvarande endringar for sjølvstendige næringsdrivande berre i primærnæringane.

Berekningane er utført ved hjelp av Statistisk sentralbyrås skattemodell LOTTE. Modellen er basert på eit utval av personer og berekningane er derfor usikre. Endringane i skatt er fordelt på inntektsdesilar etter ein normalisert kvadratrotskala. Grovt sett kan ein då tolke endringane som endringar pr. person.

Tabell 1 Isolerte endringari skatt som følge av dei skisserte endringane i minstefradrag og lønnsfradrag for allesjølvstendigenæringsdrivande. Desilfordelt pr. forbrukseining. Negative tall betyr lettar

Gjennomsnittleg bruttoinntekt pr. forbrukseining

Endring i skatt pr. forbrukseining, alle næringar

Inntektsdesilar

Minstefrådrag

Lønnsfrådrag

1

110 600

200

600

2

157 100

200

800

3

186 200

-100

600

4

214 600

-300

500

5

243 700

-400

700

6

278 200

-500

600

7

321 300

-600

600

8

380 800

-900

500

9

477 100

-900

600

10

952 000

-900

600

I alt

332 200

-400

600

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet.

Tabell 2 Isolerte endringari skatt som følge av dei skisserte endringane i minstefradrag og lønnsfradrag forsjølvstendigenæringsdrivande i primærnæringar. Desilfordelt pr. forbrukseining. Negative tall betyr lettar

Gjennomsnittleg bruttoinntekt pr. forbrukseining

Endring i skatt pr. forbrukseining, primærnæringar

Inntektsdesilar

Minstefrådrag

Lønnsfrådrag

1

110 400

300

800

2

149 400

400

700

3

172 000

-100

900

4

190 300

-100

800

5

212 400

-100

800

6

235 800

-500

700

7

260 900

-200

700

8

298 100

-800

1 000

9

348 700

-600

800

10

511 800

-900

900

I alt

249 000

-300

1 000

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet.

Med helsing

Per-Kristian Foss