Historisk arkiv

Finansdepartementet fjernar 30 forskrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

119/2001

Pressemelding

Nr.: 119/2001
Dato: 13.12.01
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 913 22 811/Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31, mobil 952 14 283

Finansdepartementet fjernar 30 forskrifter

Finansdepartementet har i dag redusert talet på forskrifter kraftig. Departementet har samla 30 ulike forskrifter for særavgifter i ei, felles  forskriftmed likelydande ordlyd. Denne omlegginga gjer reglane mykje enklare for næringsdrivande og andre som skal berekne og betale inn avgiftene.

Reglane blir no like for mange varer med avgifter, til dømes bensin, diesel, tobakk, alkohol og sjokolade. Dei nye reglane innebær at næringsdrivande og andre som skal betale særavgifter på ulike varer no kan setje seg inn i eitt regelverk og ei forskrift i staden for ei rekkje ulike forskrifter for ulike varer. Prosedyrane for mellom anna innførsel, kontroll og krava til dokumentasjon blir no dei same. Det same gjeld reglane for innbetaling. Oppryddinga i denne "avgiftsjungelen" har vore eit omfattande arbeid som departementet no er tilfreds med å kunne sluttføre. Det har vore eit problem at dei avgiftspliktige har hatt så mange ulike reglar å halde seg til, og endringane no vil bøte på dette.

Uaktuelle forskrifter

Samstundes med denne forenklinga, blir ei forskrift oppheva fordi ho ikkje lenger er aktuell. Det er forskrift om lageravgift på mineralolje til motorvogn. Avgifta for flyging av passasjerar fell bort frå 1. april 2002.