Om private livsforsikringsselskap og kombinerte pensjonsordningar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Finansdepartementet
120/2001 Introduksjon av kombinerte pensjonsordningar og utviding av løyve for livsforsikringsselskapa til å forvalte kapital frå innskotspensjonsordningar
Pressemelding | Dato: 21.12.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 120/2001
Dato: 21.12.2001
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09,
mobil 913 22 811/Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31, mobil 952 14
283
Introduksjon av kombinerte pensjonsordningar og utviding av løyve for livsforsikringsselskapa til å forvalte kapital frå innskotspensjonsordningar
Regjeringa opnar for at føretak kan kombinere ytings- og innskotsbaserte pensjonsordningar for sine tilsette. Lovforslaget inneber at føretak som opprettar slike ordningar vert gjeve inntektsfrådrag for utgiftene dei har til pensjonsordningane. Regjeringa meiner at også livsforsikringsselskap bør tillatast å forvalte pensjonskapital i innskotspensjonsordningar som ikkje er oppretta med avkastningsgaranti.
Slik forvalting har tidlegare vore avgrensa til bankar og selskap som forvaltar verdipapirfond. Forslaga er lagt fram for Stortinget i dag i ot. prp. nr. 33.
Kombinerte pensjonsordningar
Frå 1. januar 2001 har føretak kunne opprette innskotsbaserte pensjonsordningar med inntektsfrådrag. Som ei oppfølging av Stortinget si oppfordring ved behandlinga av innskotspensjonslova foreslår Regjeringa nå at føretak skal kunne kombinere ytings- og innskotsbaserte pensjonsordningar. Kombinasjonen skal skje ved at den innskotsbaserte pensjonen "legges på toppen" av ein pensjon der ytingane er garanterte pensjonsytingar. Dei tilrådde reglane opnar såleis for at dei tilsette både kan ha ei garantert pensjonsyting og ein pensjon som avheng av den avkastninga som vert oppnådd på dei forvalta midlane. Alle tilsette som er omfatta av ytingsdelen skal også vere omfatta av innskotsdelen, og ytingane frå den samla kombinerte pensjonsordninga kjem i tillegg til ytingar frå folketrygda.
Kombinerte pensjonsordningar skal vere pensjonsordningar for alle tilsette, og ikkje berre for utvalde grupper. Regjeringa gjer difor framlegg om at regelverket i pensjonsordningane skal utformast med sikte på likebehandling av arbeidstakarar når det gjeld samla pensjon. Pensjonen kan likevel sjåast i forhold til lønn og tenestetid i føretaket. I tillegg vert det foreslått ein heimel til å gi nærmare reglar i forskrift om utforminga av kombinerte ordningar, m.a. nærmare reglar om kor store innskot som skal kunne gjerast.
Utvida løyve for livsforsikringsselskap til å forvalte pensjonskapital
Tradisjonelt har norske livsforsikringsselskap forvalta kapital i følgje med at selskapa sel forsikringspolisar, medan til dømes bankar og verdipapirfond tradisjonelt har forvalta rein sparekapital. Ei tilsvarande avgrensing av verksemda finn ein igjen i EU sitt fyrste og tredje livsforsikringsdirektiv, kor det er gitt reglar om kva for verksemd livsforsikringsselskap kan drive. Gjennom EØS-avtalen har norske styresmakter plikt til å krevje at livsforsikringsselskap som søkjer om konsesjon her i landet avgrensar verksemda i tråd med desse reglane.
Innskotspensjon kan opprettast som reine spareordningar. Då lov om innskotspensjon tok til å gjelde 1. januar 2001 vart det difor fornya interesse for livsforsikringsselskapa sitt løyve til å forvalte kapitalen i slike ordningar. Samtidig med at innskotspensjon vart innført i Noreg, opna difor Finansdepartementet gjennom ei forskriftsendring for at livsforsikringsselskapa kan forvalte kapital i ordningar med innskotspensjon dersom forsikringsselskapet garanterer ei viss avkastning på kapitalen. Dette har i forhold til norske reglar vore eit tilstrekkeleg forsikringselement. Departementet har også opplyst at det ville ta initiativ til å få undersøkt forståinga og praktiseringa av kravet til forsikringselement for slike produkt i enkelte EU-land. På denne bakgrunnen uttalte eit fleirtal av medlemmane i finanskomiteen i Stortinget at det "bør legges til rette for at livsforsikringsselskapene kan forvalte pensjonskapital uten at det stilles vilkår om avkastningsgaranti til forvaltningen".
Kredittilsynet har på oppdrag frå departementet gjort ei vurdering på grunnlag av ei internasjonal kartlegging. Problemstillingane har til dels også blitt handsama parallelt i Banklovkommisjonen si sjuande utgreiing "Ny livsforsikringslovgivning" og i ein rapport utarbeidd av eit internasjonalt konsulentfirma på oppdrag frå Finansnæringens hovedorganisasjon (FNH). Dei faglege vurderingane av kva for krav til forsikringselement som må vere til stade for at livsforsikringsselskap skal kunne forvalte pensjonskapitalen, har til ein viss grad vore ulike. Det har likevel vore ein gjennomgåande oppfatning at praksis i andre land tilseier at ein kan tillate at livsforsikringsselskapa forvaltar pensjonskapital frå innskotsordningar også utan at det vert stilt som krav at midlane får ei garantert avkastning i oppsparingsperioden.
På bakgrunn av finanskomiteen sine merknader og i ljos av kartlegginga av praksis i enkelte EU-land er Finansdepartementet kome til at livsforsikringsselskapa bør få høve til å forvalte pensjonskapital utan avkastningsgaranti. Dette gjeld livsforsikring med investeringsval, også kalla fondsforsikring eller unit-linked. I vurderingane er det m.a. lagt vekt på at pensjonskapitalen ved pensjonsalder kan, og i visse tilfelle også skal, konverterast til ei livsforsikring.
Departementet varslar at ein vil vurdere i kva for utstrekning det vil vere behov for endringar i gjeldande reglar. Teknisk sett til slike endringar i tilfelle kunne gjennomførast ved endringar i den såkalla klasseforskrifta.