Historisk arkiv

Noregs oppfølging av finansskandalane i USA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

73/2002

Finansdepartementet omtalar i Kredittmeldinga 2001 finansskandalane i USA og oppfølging i Noreg. I tillegg inneheld meldinga ei omtale av finansiell stabilitet. (18.10.02)

Pressemelding

Nr.: 73/2002
Dato: 18.10.02
Kontaktperson: Per Øystein Eikrem, telefon 22 24 45 72, mobil 481 70 224

Noregs oppfølging av finansskandalane i USA

Finansdepartementet omtalar i Kredittmeldinga 2001 finansskandalane i USA og oppfølging i Noreg. I tillegg inneheld meldinga ei omtale av finansiell stabilitet.

Departementet legg vekt på å følgje det arbeidet som blir gjort internasjonalt med å følgje opp erfaringane frå finansskandalane. Departementet skal innføre plikt for børsnoterte føretak til å anvende internasjonale rekneskapsstandardardar (IAS/IFRS) frå 2005. Departementet vil følgje opp EU-kommisjonens tilråding frå 16 mai i år om sjølvstendet til revisorar og ein varsla EU-strategi for regulering og tilsyn med revisorar. Ein vil og vurdere plikt for einskilde føretak til å ha ein revisjonskomitè for kvalitetssikring av rekneskapa, følgje opp EU- initiativ om krav til utarbeiding av finansanalysar og vurdere ei ordning for handheving av korrekt rekneskapsføring i børsnoterte føretak.

Kredittilsynet utfører for tida ei undersøking av rådgivingstenester dei største revisjonsselskapa gir til revisjonsklientane sine. Ut frå resultata av undersøkinga skal Finansdepartementet vurdere om det er behov for innstramming i reglane som set grenser for revisor sitt høve til å yte rådgivingstenester til revisjonsklientar.

I tillegg til kapitlet om finansskandalane i USA og oppfølging i Noreg er det i år tatt inn eit kapittel om finansiell stabilitet og på dei finansielle institusjonane. Finansdepartementet konkluderer med at dei norske bankane samla sett ser ut til å kunne tole monalege tap - også i historisk perspektiv - før dei kjem ned på det lovbestemte minstekravet til kjernekapital. Som følgje av at livsforsikringsselskapa si evne til å tole ytterlegare tap er svekt, har selskapa redusert faren for ytterlegare tap mellom anna i aksjemarknaden.

Kredittmeldinga inneheld elles ein oversikt over Finansdepartementet og Kredittilsynet sitt forvaltningsarbeid på finansmarknaden i 2001. Vidare omtaler ein mellom anna verksemda i Kredittilsynet, Noregs Bank, Det internasjonale valutafondet (IMF), Folketrygdfondet, Bankinvesteringsfondet og Banksikringsfondet.