Historisk arkiv

Høyring om endringar i nemndstrukturen i likningsforvaltninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

37/2003

Etter omorganiseringa av likningskontora er talet likningskontor og - distrikt reduserte frå 435 til 99. (30.04.2003)

Pressemelding

Nr.: 37/2003
Dato: 30.04.2003
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09 / mobil 91 32 28 11, Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31 / mobil 95 21 42 83

Høyring om endringar i nemndstrukturen i likningsforvaltninga

Etter omorganiseringa av likningskontora er talet likningskontor og - distrikt reduserte frå 435 til 99. Omorganiseringa rører ikkje dei folkevalde nemndene. Dette inneber at det framleis er ei likningsnemnd og ei overlikningsnemnd i kvar kommune. Kvart likningskontor har frå ein til åtte likningsnemnder og eit tilsvarande tal overlikningsnemnder å halde seg til.

Skattedirektoratet har som følgje av omorganiseringa på oppdrag frå Finansdepartementet utarbeidde eit oppdrag frå Finansdepartementet. Direktoratet foreslår at talet likningsnemnder og overlikningsnemnder blir reduserte slik at det blir ei likningsnemnd og ei overlikningsnemnd per likningskontor. Etter direktoratet si oppfatning vil ein slik reduksjon i talet nemnder blant anna medføre hyppigare møte og fleire saker per møte. Det vil også gi høve for betre opplæring og oppfølging av medlemene og leggje til rette for ein meir einsarta likningspraksis.

Etter direktoratet sitt forslag skal medlemer til nemndene veljast av fylkestinget, som må velje mellom dei kandidatane som blir foreslått av dei rørte kommunestyre. Der nemndene berre omfattar ein kommune, tilrår direktoratet at medlemene blir valde av kommunestyret.

Finansdepartementet har lagt opp til at Skattedirektoratet seinare skal gjennomføre ei breiare og meir omfattande vurdering av strukturen i likningsforvaltninga.

Finansdepartementet har i dag sendt Skattedirektoratet sin rapport på høyring med høyringsfrist til 1. august 2003.