Historisk arkiv

Opprydding i lovane om skatte- og avgiftsinnkrevjing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

61/2003

Finansdepartementet legg no fram forslag om ein ny lov for skatteinnkrevjing. Hovudformålet med forslaget er å samle og forenkle alle dei ulike reglane på området. (07.07.2003)

Pressemelding

Nr.: 61/2003
Dato: 07.07.2003
Kontaktperson: Stig Sollund, telefon 22 24 44 74 / Helle Harbou-Hals 22 24 41 51, mobil 93 04 24 36

Opprydding i lovane om skatte- og avgiftsinnkrevjing

Finansdepartementet legg no fram forslag om ein ny lov for skatteinnkrevjing. Hovudformålet med forslaget er å samle og forenkle alle dei ulike reglane på området. Høyringsfristen er sett til 1. november 2003. Lova blir foreslått å tre i kraft frå 1. januar 2005.

Forslaget inneber fyrst og fremst ein teknisk revisjon og forenkling av det gjeldande regelverket for innkrevjing av skattar og avgifter. Lova vil erstatte skattebetalingslova, samt ei rekkje tilsvarande reglar i skatte- og avgiftsvedtak, lover og forskrifter om betaling og innkrevjing av andre skatte- og avgiftskrav. Ei samling av reglane gjer det enklare å finne fram til dei reglane som gjeld. Vidare er det lettare å unngå unødvendige skilnader mellom ulike skatte- og avgiftskrav når reglane er samla i ei lov.

I tillegg til den tekniske revisjonen inneheld forslaget også enkelte andre endringar, mellom anna at forvaltningslova som hovudregel skal gjelde ved behandlinga av skatte- og avgiftskrav, og at finansavtalelova sine reglar om tid og stad for betaling skal gjelde.

Det blir og foreslått at renta ved forseinka betaling av skatte- og avgiftskrav skal tilsvare den vanlege forseinkingsrenta etter forseinkingsrentelova. Dette inneber ein reduksjon for dei krava kor renta i dag er 3 prosent over denne satsen.

Dagens ordning med nedsetjing av skatte- og avgiftskrav av rimelige omsyn blir foreslått endra, fordi skatte- og avgiftskrav blir fullt ut omfatta av lova for gjeldsordningar frå 1. juli 2003. Det blir difor vurdert å ikkje vidareføre ordninga med kommunale skatteutval. Det blir også foreslått enkelte utvidingar i høvet til å motrekne skatte- og avgiftskrav.