Historisk arkiv

Kredittmeldinga 2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

41/2004

I Kredittmeldinga gir Regjeringa årleg ein oversikt over utviklinga i finansmarknaden og pengepolitikken året i førevegen. I år nyttar Regjeringa også høvet til å informere om arbeidet med å leggje til rette for betre informasjon om pensjon. Vidare inneheld meldinga ein fyldig omtale og vurdering av Noregs Bank si utøving av pengepolitikken i 2003. (07.05.2004)

Pressemelding

Nr.: 41/2004
Dato: 07.05.2004
Kontaktperson: Per Øystein Eikrem, telefon 22 24 45 72 / mobil 48 17 02 24, Øystein Olsen, telefon 22 24 45 00/ mobil 91 82 79 44

Kredittmeldinga 2003

I Kredittmeldinga gir Regjeringa årleg ein oversikt over utviklinga i finansmarknaden og pengepolitikken året i førevegen. I år nyttar Regjeringa også høvet til å informere om arbeidet med å leggje til rette for betre informasjon om pensjon. Vidare inneheld meldinga ein fyldig omtale og vurdering av Noregs Bank si utøving av pengepolitikken i 2003.

Mandatet for pengepolitikken i forskrift av 29. mars 2001 utgjer etter departementet si oppfatning eit godt rammeverk for Noregs Bank si utøving av pengepolitikken. Noregs Bank si operative gjennomføring av pengepolitikken skal rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Forskrifta definerer eit fleksibelt inflasjonsmål for pengepolitikken. Fleksibel inflasjonsstyring vil seie at ein i rentesetjinga veg omsynet til låg og stabil inflasjon opp mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Dette er òg understreka av Noregs Bank i Beretning og regnskap 2003.

Prisstigninga har no kome ned på eit svært lågt nivå. Noregs Bank peikar i årsmeldinga for 2003 på at dette først og fremst kjem av at krona styrka seg og at prisimpulsane frå utlandet var låge gjennom 2002, men òg av at importerte forbruksvarar har vorte billigare. I tillegg har lågare vekst i norsk økonomi og auka konkurranse innanlands truleg medverka til lågare marginar i varehandelen og andre tenesteytande sektorar som flyreiser og teletenester. Departementet er i hovudsak samd i dei vurderingane Noregs Bank gir uttrykk for når det gjeld årsakene til at prisstigninga no ligg så lågt.

Veksten i norsk økonomi ventas å bli vesentlig sterkare i 2004 og 2005 enn i 2003. Høgare vekst vil truleg medverke til at prisstigninga gradvis tek seg opp mot inflasjonsmålet på 2½ prosent. Den låge prisstigninga ein for tida opplevar er såleis ikkje noko teikn på utsikter til at norsk økonomi vil gå inn i ei lengre periode med fallande prisar og svak økonomisk vekst.

For å lette informasjonen om pensjonsrettar i privat sektor sendte Finansdepartementet i november 2003 på høyring eit forslag om eit fripoliseregister for private tenestepensjonsordningar. Finansdepartementet skriv i Kredittmeldinga at det er viktig å leggje til rette for god informasjon om pensjonsrettar, og at spørsmålet om eit fripoliseregister for private tenestepensjonsordningar skal vurderast som del av ein breiare gjennomgang. I ein slik breiare gjennomgang vil ein også sjå på korleis informasjonen frå offentleg pensjon kan betrast. Finansdepartementet varslar at spørsmålet vil verte behandla i samband med oppfølginga av Pensjonskommisjonens utgreiing, NOU 2004:1 Modernisert folketrygd.

Finansdepartementet omtalar i kapitlet om finansiell stabilitet utviklingstrekk som påverkar soliditeten til finansinstitusjonane, og det finansielle systemet som heilskap. Departementet skriv i meldinga at ein renteauke vil ha større innverknad på hushaldsøkonomien enn tidlegare og at det derfor er viktig at kvart einskilt hushald har ei sikring mot uventa renteauke og inntektsfall. Samla sett vurderer Finansdepartementet den finansielle stabiliteten som noko styrkt etter at Kredittmeldinga 2002 blei lagd fram i oktober 2003.