Historisk arkiv

Pressemøte med IMF tysdag 15. mars 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

Ein delegasjon frå Det internasjonale valutafondet (IMF) legg tysdag 15. mars fram sitt syn på norsk økonomi og norsk økonomisk politikk. Delegasjonen, som blir leia av Robert Ford, vil orientere pressa klokka 14.00, i møterom 153 i Finansdepartementet. (14.03.2005)

Til redaksjonen

Pressemøte med IMF tysdag 15. mars klokka 14.00

Ein delegasjon frå Det internasjonale valutafondet ( IMF) legg tysdag 15. mars fram sitt syn på norsk økonomi og norsk økonomisk politikk. Delegasjonen, som blir leia av Robert Ford, vil orientere pressa klokka 14.00, i møterom 153 i Finansdepartementet. Statssekretær Øystein Børmer vil være til stades for å ta i mot konklusjonane.

IMF har kvart år ein gjennomgang av medlemslanda sin økonomi og deira økonomiske politikk. Ein delegasjon frå IMF besøker medlemslandet, samlar informasjon om økonomiske og finansielle spørsmål og diskuterer landets økonomiske politikk. I Noreg gjeld det Finansdepartementet og Noregs Bank, partar i arbeidslivet, dei akademiske miljøa og representantar frå private institusjonar.

I samband med besøket i Noreg utarbeider IMF-delegasjonen sine konklusjonar, som blir levert til Finansdepartementet. Det er desse konklusjonane IMF vil presentere på pressekonferansen tysdag.

_________________________

Pressekonferansen kan du også sjå direkte på Nett-TV
Les meir om Norway and the IMF på IMF si nettside