Historisk arkiv

08.11.2001 Svar på spm 140 fra Sv av 1. november 2001

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

"Departementet foreslår at overgangsregelen til § 26 c tredje punktum av 28. juni 1996 nr. 41, berre skal gjelde ved fastsetjing av kommunane sin inngangsverdi på aksjer/lutar. Den skal ikkje gjelde for fastsetjing av skattemessig inngangsverdi på aksjar

FinansdepartementetVårt saksnr: 01/4327

Spørsmål nr. 140, fra SVs stortingsgruppe, av 1. november 2001, vedrørende Statsbudsjettet 2002

Spørsmål:

"Departementet foreslår at overgangsregelen til § 26 c tredje punktum av 28. juni 1996 nr. 41, berre skal gjelde ved fastsetjing av kommunane sin inngangsverdi på aksjer/lutar. Den skal ikkje gjelde for fastsetjing av skattemessig inngangsverdi på aksjar som er eigd av andre enn kommunar , t.d. det selskap kommunen eig aksjar i.

Konsekvensen av dette er at kommunar som har organisert sitt eigarskap gjennom prosentliknande selskap, kjem vesentleg dårlegare ut enn dei som eig aksjar direkte.

Finanskomiteen har handsama spørsmålet om oppregulering av kommunar og fylkeskommunar sin skattemessige inngangsverdi for aksjar/lutar i visse kraftselskap jf. Innst.O. nr. 130 (2000-2001), og uttalar m.a:

"Komiteen mener at den samme overgangsregelen må komme til anvendelse uavhengig av hvordan det kommunale eierskapet har vært organisert, og ber departementet sikre at så skjer"

Kva er grunngjevinga på at overgangsregelen likevel ikkje skal gjelde på aksjar eid av prosentliknande selskap?

Vi ber om lovteknisk bistand til å endre skattelova slik at aksjar eigd av prosentliknande selskap vil verte omfatta av overgangsregelen"

Svar:

Departementet viser til merknader og forslag om endring av overgangsregelen til § 26 c tredje punktum i Ot.prp. nr. 1 (2001-2002) avsnitt 11.4. Departementet vil oppretthalde forslaget. Basert på ei vidare tolking av fråsegna frå finanskomiteen i Innst. O. nr. 130 (2001-2002) vil ein i tillegg kunne gå inn for den endring som SV si stortingsgruppe ønskjer lovteknisk bistand til.

1. Innleiingsvis vil departementet presisera at ein ikkje samd i påstanden om at forslaget til endring av overgangsregelen til § 26 c tredje punktum inneber at kommunar som har organisert sitt eigarskap gjennom prosentlikna selskap, kjem vesentleg dårlegare ut enn dei som eig aksjar direkte. (Uttrykket kommunar blir her nytta som felles nemning for kommunar og fylkeskommunar.)

I fråsegna frå Finanskomiteen i Innst.O. nr.130 (2000-2001) er det vist til Ot.prp. nr. 23 (1996-97) avsnitt 6.2.3 der følgjande blei framheva som grunnlag for val av overgangsregel for skattemessig inngangsverdi på kommunane sine aksjar/lutar i kraftforetak:

" Ved innføring av alminnelig skatteplikt ved realisasjon av kommunale kraftforetak, bør inngangsverdiene fastsettes etter de samme prinsippene, uavhengig av hvordan foretaket tidligere har vært organisert og tidspunkt for eventuell omorganisering."

Forslaget i Ot.prp. nr. 1 (2001-2002) om endring av overgangsregelen til § 26 c tredje punktum ivaretek dette omsynet fullt ut så langt det gjeld reglane om fastsetjing av inngangsverdi på aksjar/lutar. Det er foreslått at overgangsregelen skal gjelda tilsvarande for kommunar som pr. 1. januar 1997 eigde aksjar/lutar i foretak som indirekte eigde aksjar/lutar i kraftforetak. Uansett korleis det kommunale eigarskapet i kraftforetak var organisert pr. 1. januar 1997, skal det takast omsyn til dei skattemessige inngangsverdiar i det underliggjande kraftforetak ved fastsetjing av den skattemessige inngangsverdi på aksjar/lutar på kommunane sine hender. Regelen vil gjelde uansett om det mellomliggjande eigarselskap var kraftforetak og uansett om selskapet før 1. januar 1997 var rekneskapslikna eller ikkje.

Forslaget inneber ei utvidande tolking av overgangsregelen til § 26 c som samsvarer med presiseringa av beskatningsheimelen i skatteloven § 2-5 ved lovendring 15. juni 2001 nr. 46, jf. Ot.prp. nr. 94 (2000-2001). Begge endringane relaterer seg til inngangsverdiar og beskatning av kommunane ved kommunane sin realisasjon av aksjar/lutar i selskaper som pr. 1. januar 1997 direkte eller indirekte eigde aksjar/lutar i kraftforetak. Overgangsregelen til § 26 c tredje punktum vil gjelde på same måten for alle aksjar/lutar som er omfatta av beskatningsheimelen i skatteloven § 2-5 for kommunane pr. 1. januar 1997.

For vurdering av forslaget i høve til dei samla skattemessige effekter for kommunane av indirekte eigarskap i kraftforetak pr. 1. januar 1997, viser ein til punkt 3.

2. Grunngjeving for at det i ot.prp. nr. 1 (2001-2002) ikkje blei foreslått at overgangsregelen til § 26 c tredje punktum skal gjelda tilsvarande ved fastsetjing av skattemessig inngangsverdi for mellomliggjande tidlegare prosentlikna foretak som pr. 1. januar 1997 eigde aksjar/lutar i kraftforetak:

Etter gjeldande rett er det klårt at overgangsregelen til § 26 c berre gjeld inngangsverdi på aksjar/lutar for kommunane. Både ordlyden og forarbeidet til overgangsregelen til § 26 c tredje punktum forutsetter at dette var ein særskilt regel om inngangsverdien på aksjar/lutar eigd av kommunar. For aksjar/lutar eigd av tidlegare prosentlikna foretak blei det fastsett andre og særskilde reglar i overgangsregelen til § § 19 e, 26 c og 132 andre leden A nr. 3 andre leden. Overgangsreglane for dei prosentlikna foretak hadde ein annan bakgrunn og grunngjeving enn kva som blei lagt til grunn for overgangsregelen til § 26 c tredje punktum for kommunane, jf. Ot.prp. nr. 23 (1995-96) kap.15.

Kraftforetak som tidlegare var prosentlikna, var i prinsippet omfatta av den alminnelege skatteplikt ved realisasjon av aksjar som blei innført ved skattereformen 1992. Prosentlikningsregelen i skatteloven 1911 § 19 e blei imidlertid vurdert slik at prosentlikninga kom til erstatning for beskatning av realisasjonsgevinster på kraftforetaket si hand.

Etter kraftskattereforma gjekk dei tidlegare prosentlikna foretak over til å bli rekneskapslikna. Dette medførte mellom anna beskatning etter dei alminnelege skattereglar ved realisasjon av alle typar driftsmidlar, som aksjar/lutar i alle typar selskaper. I motsetnad til kommunane, er skatteplikten for dei tidlegare prosentlikna foretaka ikkje avgrensa til aksjar/lutar i kraftforetak.

I Ot.prp. nr. 23 (1995-96) avsnitt 15.4.1 blei utgangspunkta og prinsippa for fastsetjing av inngangsverdi i den skattemessige åpningsbalansen for tidlegare prosentlikna kraftforetaka drøfta m.a. slik:

" Prinsippene for å fastsette skattemessige åpningsbalanser i tidligere prosentlignede og skattefrie kraftforetak bør i størst mulig utstrekning sikre likebehandling av disse i forhold til kraftforetak som etter gjeldende regler blir regnskapslignet. Prinsippene for å fastsette åpningsbalansene bør også likestille prosentlignede foretak uavhengig av om foretakene tidligere er blitt omorganisert."

(…)

"Rødseth-utvalget (NOU 1992:34,s.153) foreslo primært at åpningsbalansene skulle fastsettes med utgangspunkt i historisk anskaffelsesverdi, fratrukket beregnede akkumulerte avskrivninger siden investeringstidspunktet. Dette ville samsvar best med skattelovens alminnelige system, og ville gi likebehandling av prosentlignede og regnskapslignede foretak. For mange kraftforetak som prosentlignes etter gjeldende regler, vil det imidlertid være umulig eller uforholdsmessig vanskelig å fremskaffe dokumentasjon for de historiske investeringskostnadene."

Dei nemnde problema med å dokumentera historisk kost førte til at det som alternativ blei opna for val av gjenanskaffingsverdier fastsett av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som skattemessig inngangsverdi på visse driftsmiddel, jf. overgangsregelen til §§ 19 e mv. bokstav A nr.1. For å sikra at rekneskapslika og prosentlikna foretak blei handsama på same måten, fekk også dei regnskapslikna kraftforetaka rett til å velja nye åpningsbalanser basert på gjenanskaffingsverdiar fastsett av NVE, jf overgangsregelen til §§ 19 e mv. bokstav B.

Problema med dokumentasjon av historisk kost blei ikkje avgjerande ved val av skattemessig inngangsverdi for dei prosentlikna foretaka sine finansielle eignelutar som aksjar/lutar i kraftforetak eller andre typar selskap. Anskaffingsverdien blei vedteke som hovudregelen for fastsetjing av inngangsverdi for slike eignelutar, jf. overgangsregelen til §§19 e mv. A nr. 3 andre leden siste punktum. Regelen for dei tidlegare prosentlikna foretaka blei såleis den same som den som gjaldt for dei tidlegare rekneskapslikna foretak etter dei alminnelege skattereglar.

Utgangspunktet om likebehandling av regnskapslikna og prosentlikna foretak blei også ført vidare i vedtaka om særlege unntaksreglar for fastsetjing av inngangsverdien for driftsmiddel som tidlegare prosentlikna foretak hadde motteke etter tidlegare fusjon, fisjon eller omdanning. jf. overgangsregelen til §§ 19 e mv. andre leden andre punktum, jf. også tredje punktum som seinere blei føydd til ved lov 20.desember 1996 nr. 91, jf. Ot.prp. nr. 10 (1996-97) og Innst. O. nr. 39 (1996-97). Desse unntaksreglane gjeld inngangsverdien på driftsmiddel som elles skulle fastsetjast til historisk kost/anskaffingsverdi og som var mottekne av prosentlikna foretak etter omorganiseringar mv. før 1. januar 1997. Unntaksreglane inneber at inngangsverdien for slike driftsmiddel som t.d. aksjar, skulle fastsetjast med skattemessig kontinuitet på same måten som det ville ha vore gjort dersom rekneskapslikna foretak hadde blitt omorganisert utan beskatning.

Ved utarbeiding av forslaget i Ot.prp. nr. 1 (2001-2002) la departementet til grunn at finanskomiteen si fråsegn i Innst.O. nr. 130 (2000-2001) ikkje kan tolkast slik at komiteen meinte at dei fastsette overgangsreglar for tidlegare prosentlikna foretak var feil. Departementet la heller ikkje til grunn at komiteen hevda at grunnlaget for beskatninga av slike selskaper ved realisasjon av aksjar/lutar i mellom anna kraftforetak, skulle være det same som for kommunane. I så fall ville ein ønskje å gå bort frå det elles gjennomgåande utgangspunkt og prinsipp om at skattemessig inngangsverdi for tidlegare prosentlikna foretak skulle fastsetjast på same måten som for rekneskapslikna foretak. Verken sitatet frå Ot.prp. nr. 23 (1995-96) avsnitt 6.2.3 eller presiseringa av beskatningsheimelen i skatteloven § 2-5 for kommunar sine indirekte eide aksjar/lutar i kraftforetak skulle tilseie ei slik endring.

Reglane om inngangsverdier og beskatning av tidlegare prosentlikna foretak var, slik departementet såg det, ikkje tema i fråsegna frå komiteen.

3. Vurdering av forslaget i Ot.prp. nr. 1 (2001-2002) i forhold til finanskomiteen si fråsegn om at "den samme overgangsregel må komme til anvendelse uavhengig av hvordan det kommunale eierskap har vært organisert":

Det er mogleg at komiteen med denne fråsegna har tatt sikte på ein vidare samanlikning av dei samla skattemessige effekter for kommunane som eig aksje/lutar direkte i tidlegare prosentlikna kraftforetak og for kommunar som eig aksjar/lutar i tidlegare prosentlikna foretak som pr. 1. januar 1997 eigde aksjar i kraftforetak. I så fall skulle det vere relevant å ta omsyn også til anna enn den direkte effekt av overgangsreglane som berre regulerer kommunane sine inngangsverdiar på aksjar/lutar og såleis berre effektar i forhold til gevinstbeskatninga.

Om kva innverknad reglane om beskatning av tidlegare prosentlikna foretak ved realisasjon av aksjar/lutar i kraftforetak kan for eigarkommunane, kan ein merka:

Dersom eit tidlegare prosentlikna foretak realiserer aksjar i kraftforetak, vil anskaffingsverdien som skattemessig inngangsverdi på aksjane kunne medføre berekning av ein høgare skattemessig gevinst enn ved eventuell bruk av overgangsregelen til § 26 c tredje punktum. For dei kommunar som eig aksjar i eit slikt tidlegare prosentlikna foretak, vil ei slik realisasjonsbeskatning i utgangspunktet ikkje påverke beskatninga av kommunane. Reglane om regulering av inngangsverdien på aksjar for endring i selskapet sin skattlagte kapital (RISK), jf. skatteloven § 10-34, vil også hindra dobbel skattlegging ved eventuell seinare realisasjon av kommunane sine aksjar i slike foretak. Den skattemessige effekt ved eventuell seinare realisasjon av kommunene sine aksjar i slike foretak, vil i prinsippet bli den same som for kommunar som realiserer aksjar som dei eig direkte i kraftforetaket.

Beskatning av det mellomliggjande tidlegare prosentlikna foretaket ved realisasjon av aksjar/lutar i underliggjande kraftforetak basert på anskaffingsverdien, vil imidlertid innebere redusert verdi og redusert grunnlag for utdeling av utbyte frå foretaket til kommunane. Ein slik reduksjon vil ikkje kunne inntre for kommunar som eig aksjar/lutar direkte i det underliggjande kraftforetaket. Utdeling av utbyte frå selvstendige skattesubjekt til kommunar, vil ikkje være skattepliktig for kommunane. Redusert grunnlag for utbyteutdeling til kommunar med indirekte eigarskap til kraftforetak som kommunar med direkte eigarskap i kraftforetaket ikkje vil bli ramma av. vil såleis vere ein ulikskap som har samband med måten eigarskapet var organisert på.

Ei vidare tolking av finanskomiteen si fråsegn kan innebere at ein også ville likestilla kommunane med omsyn til slike effektar. Dersom dette var komiteen sitt føremål, vil departementet gå inn for å endre overgangsreglane slik at tidlegare prosentlikna foretak sine skattemessige inngangsverdiar på aksjar/lutar i kraftforetak pr. 1. januar 1997 skal fastsetjast slik at denne ulikskap ikkje kan inntre. Det vil seie at inngangsverdien for aksjar/lutar i kraftforetak skal fastsetjast etter dei same reglar for tidlegare prosentlikna foretak som for kommunane, dvs. etter overgangsregelen til § 26 c tredje punktum.

4. Forslaget frå SV si stortingsgruppe som departementet ut i frå ei vidare tolking av finanskomiteen si fråsegn vil kunne slutte seg til, jf. punkt 3, kan lovteknisk gjennomførast slik:

Lov av 28. juni 1996 nr. 41 om endringer i lov 18. august 1911 nr. 8 om skatt av formue og inntekt, blir endra slik:

Overgangsregel til §§ 19 e, 26 c og 136 andre leden A nr. 3 andre leden nytt siste punktum skal lyde:

"Inngangsverdi for aksjer eller selskapsandeler i kraftforetak settes til aksjens eller selskapsandelens forholdsmessig andel av kraftforetakets skattemessige åpningsbalanse pr. 1. januar 1997."

Forslaget må få verknad frå 1. januar 1997.

Forslaget i Ot.prp. nr. 1 (2001-2002) om endring av overgangsregel til § 26 c ved å føye til eit nytt andre punktum, må i tillegg oppretthaldast. Forslaget om endring av overgangsregelen til § 26 c tredje ledd vil fortsatt ha verknad mellom anna for kommunar som pr. 1. januar 1997 eigde aksjar/lutar i kraftforetak indirekte via tidlegare rekneskapslikna foretak.