Historisk arkiv

Svar på spm. nr. 3 fra Finanskomiteen/SPs fraksjon av 29.09 vedr. Kredittmeldinga 2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

Inflasjonsmålet

Finansdepartementet
Vårt saksnr: 04/2991

Spørsmål nr. 3 fra Stortingets finanskomité v/Senterpartiets fraksjon av 29.09.2004, vedrørende Kreditmeldinga 2003

”Reform av inflasjonsmålet: Sett at endra internasjonal arbeidsdeling og sterkare innslag av konkurranse i mange sektorar grunnleggjande sett har endra prisutviklinga i Noreg. Kva er føremonene og ulempene ved ei endring dvs. nedjustering av det norske inflasjonsmålet?

Svar:
Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gje økonomien eit nominelt ankerfeste. Låg og stabil inflasjon er ein viktig føresetnad for at økonomien over tid fungerer på ein måte som sikrar vekst og velstand. Forskrifta for pengepolitikken ligg fast. Da inflasjonsmålet våren 2001 blei definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er 2½ pst., så var det motivert av fleire høve. Talfestinga av målet på 2,5 pst. svara om lag til gjennomsnittleg prisstigning på 1990-tallet. Vidare hadde fleire andre land 2,5 pst. som mål. I tillegg stod Noreg framfor ein periode med ein planlagt gradvis auke i bruken av oljeinntekter over statsbudsjettet.

Forskrifta gjev eit fleksibelt inflasjonsmål for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må pengepolitikken vege omsynet til låg og stabil inflasjon opp mot omsynet til utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Dersom det oppstår konflikt, vil ein i skjønnsutøvinga i pengepolitikken måtte vege desse to omsyna mot kvarandre.

Tolvmånadersveksten i underliggjande inflasjon (KPI-JAE) har no kome ned på eit svært lågt nivå. Det skuldast særleg at prisane på importerte forbruksvarer har falle. Prisfallet må sjåast i samanheng med at krona vart styrka i 2002 og at prisimpulsane frå utlandet har vore svake. I tillegg har auka konkurranse innanlands, og lågare husleige, medverka til å trekkje prisveksten ned.

Aktiviteten i norsk økonomi tok seg opp i andre halvår i fjor, og pengepolitikken gir sterke vekstimpulsar til den økonomiske utviklinga framover. Det er difor grunn til å rekne med at prisstigninga aukar gradvis opp mot inflasjonsmålet. Den låge inflasjonen vi for tida opplever tilseier ikkje at ein bør endre inflasjonsmålet. I Nasjonalbudsjettet 2005 legg ein til grunn ein vekst i KPI-JAE på 1¾ pst. i 2005.