Historisk arkiv

Svar på spm. 8 fra Finanskomitéen/SVs fraksjon av 2. mai 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

Vedr. Ot.prp. nr. 68 (2004-2005)

Finanskomiteen
Sosialistisk Venstreparti sin fraksjon
Stortinget
0026 OSLO

Dykkar ref

Vår ref

Dato

05/1870

03.05.2005

Spørsmål frå Finanskomiteen ved Sosialistisk Venstreparti sin fraksjon 2. mai 2005 vedrørande Ot.prp. nr. 68 (2004-2005)

Eg visar til brev frå Finanskomiteen ved Sosialistisk Venstreparti sin fraksjon ved stortingsrepresentant Heidi Grande Røys 2. mai 2005 med spørsmål nr. 8.

Spørsmål nr. 8:
"Eg ber om lovteknisk assistanse til å utforme forslag om felles pensjonskasse for fleire private verksemder, utan fellesordning for premieutrekning, etter mønster av ein interkommunal pensjonskasse?"

Svar:
Det følgjer av Finansdepartementets svar på spørsmål nr. 1 av 27. april 2005 at det er knytta ei rekkje problemstillingar til spørsmålet om å opne for felles pensjonskasser for fleire private føretak i den eine eller andre forma. Ein visar vidare til svaret på spørsmål nr. 2. Utgreiing av desse spørsmåla, som vil vere ei krevjande oppgåve, og eventuelle forslag til omfattande endringar i hovudprinsipp for pensjonslovgjevinga i lys av ei slik utgreiing, ligg etter mitt syn utanfor omgrepet "lovteknisk assistanse". Saka må som nemnt grundig utgreiast før det i det heile teke er mogleg å kome med forslag til lovtekst. Det vert i denne samanheng vist til at departementet vil kunne kome tilbake til ei vurdering av dette i samband med, eller i forlenginga av, oppfølginga av Pensjonsmeldinga i forhold til spørsmålet om obligatorisk supplerande pensjonsordningar.

Med helsing

Per-Kristian Foss