Historisk arkiv

Svar på spm. 35 og 36 fra Finanskomiteen/SVs fraksjon av 10.10.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

Permitteringsregelverket - EØS-regelverket

Finansdepartementet
Vårt journalnr: 03/3184

Spørsmål nr. 35 og 36, fra Finanskomiteen/SVs fraksjon, av 10. oktober 2003, vedrørende St.prp. nr. 1 (2003-2004), St.meld. nr. 1 (2003-2004) og Ot.prp. nr. 1 (2003-2004)

”35. Kva byggjer Regjeringa på når ein uttaler at unntak for permitteringsreglane for enkelte bransjar for ein kort periode, vil vere i strid med EØS-regelverket?

36. Etter Regjeringa sitt syn: kva vil vere i strid med EØS-regelverket om ein gir midlertidig unntak for enkelte bransjar i permitteringsregelverket, jf Stortinget sitt vedtak under handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett?”

Spørsmålene har vært forelagt Arbeids- og administrasjonsdepartementet som har gitt følgende svar:

Spørsmål 35:
”Svar følgjer under spørsmål nr. 36.”

Spørsmål 36:
”Regjeringa byggjer vurderinga si på forbodet mot statsstøtte i artikkel 61 nr. 1 i EØS-avtala. Denne artikkelen tillet ikkje offentlig støtte som vrir eller trugar med å vri konkurranse ved å favorisere somme føretak, dersom støtta har innverknad på samhandelen mellom avtalepartane.

Dei fire vilkåra for at støtta fell innafor artikkel 61 nr. 1 i EØS-avtala er:

  1. Støtta må vere gitt av staten eller av alle former for offentlege midlar (offentleg støtte)
  2. Støtta må favorisere somme føretak eller produksjon av somme varer
  3. Støtta må vri konkurransen eller truge med å vri konkurransen
  4. Støtta må vere eigna til å ha innverknad på samhandelen mellom EØS-landa (avtalepartane)

Folketrygda betaler dagpengar under arbeidsløyse til arbeidstakarane i den perioden arbeidsgivar ikkje har plikt til å betale lønn til permitterte arbeidstakarar. Dette reknast som overføring av ”offentlege midlar”. Ved permitteringar er arbeidstakar framleis tilsett hos arbeidsgivar. Sjølv om dagpengane blir utbetalte til arbeidstakaren, inneber dette i realiteten at verksemda han/ho er tilsett i, blir friteken for utgifter føretaket elles ville hatt.

Artikkel 61 sondrar mellom generelle og selektive tiltak. Generelle tiltak som gjeld alle verksemder og som har objektive, ikkje-diskriminerande og ikkje-diskresjonære vilkår, blir ikkje rekna som støtte etter artikkel 61. Problemet i forhold til statsstøttereglane oppstår i dei tilfella der permitteringsreglane berre gjeld somme føretak/næringar, eller der dei er gunstigare for somme føretak/næringar.

Eit regelverk som opnar for at arbeidstakarar i somme næringar får høve til å ta i mot dagpengar ved permittering i lengre periodar enn andre, slik som forskrift 16. juli 2003 nr. 963 om høve til å unnta for lønnsplikt og utvide dagpengeperioden innan visse næringar, er truleg selektivt og oppfyller dermed vilkåret i artikkel 61 nr. 1 om at somme føretak eller produksjon av somme varer blir favoriserte (selektivitetskriteriet). Dette fordi lønnsplikta som verksemdene har, trer i kraft på eit seinare tidspunkt enn for andre føretak. Dette vil kunne gi eit direkte positivt utslag på resultatet/rekneskapen til dei aktuelle føretaka.

All produksjon av varer eller tenester med grenseoverskridande karakter er eigna til å påverke samhandelen mellom medlemsstatane. Det følgjer av domstols- og kommisjonspraksis at det skal lite til før dette vilkåret er oppfylt. Konkurransevridingsvilkåret blir og tolka vidt, og det kan leggjast til grunn at også dette vilkåret vil vere oppfylt.

Regjeringa finn derfor at gjeldande regelverk mest sannsynleg er i strid med artikkel 61 nr. 1 i EØS-avtala.”