Historisk arkiv

Svar på spm. 108 fra Finanskomiteen/SVs fraksjon av 15.10

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

Proveny av redusert arbeidsgiveravgift

Finansdepartementet
Vårt saksnr: 04/3210

Spørsmål nr. 108, fra Finanskomiteen/ SV sin fraksjon, av 15. oktober, vedrørande Statsbudsjettet 2005

"Kva er provenyet av å redusere arbeidsgivaravgifta med hhv. 1, 3 og 5 pst. for arbeidstakarar over 57 år?"

Svar:

Departementet legg til grunn at ein i spørsmålet ønskjer anslag på provenyverknaden av å redusere arbeidsgivaravgiftssatsen med respektive 1, 3 og 5 prosentpoeng og ikkje med respektive 1, 3 og 5 pst.

Etter gjeldande reglar er arbeidsgivaravgifta for arbeidstakarar eldre enn 62 år 4 prosentpoeng lågare enn for andre arbeidstakarar. I berekninga av verknaden av å redusere arbeidsgivaravgifta med 1 og 3 prosentpoeng for arbeidstakarar eldre enn 57 år, er det føresett at arbeidsgivaravgifta for arbeidstakarar eldre enn 62 år framleis skal vere 4 prosentpoeng lågare enn dei alminnelege satsane. Provenyverknadene av å redusere arbeidsgivaravgifta med 1 og 3 prosentpoeng er såleis den isolerte verknaden av å redusere arbeidsgivaravgifta for arbeidstakarar mellom 57 og 62 år. I berekninga av verknaden av å redusere arbeidsgivaravgifta med 5 prosentpoeng, er det lagt grunn at også arbeidsgivaravgifta for arbeidstakarar eldre 62 år skal vere 5 prosentpoeng lågare enn dei alminnelege satsane.

Berekningane er utført på bakgrunn av Statistisk sentralbyrås lønns- og trekkoppgåveregister og departementet sitt anslag på samla arbeidsgivaravgift i 2005. I berekningane er det sett bort frå Regjeringa sitt forslag til kompensasjonsordningar m.m. som følgje av avviklinga av den differensierte arbeidsgivaravgifta.

Berekningane er usikre mellom anna fordi det er sett bort frå tilpasningar.

Tabell: Anslått provenyverknad av å redusere arbeidsgivaravgiftssatsen med høvesvis 1, 3 og 5 prosentpoeng 1)> for arbeidstakarar som er 58 år og eldre.

Reduksjon i arbeidsgivaravgiftssatsen.

Prosentpoeng

Påløpt verknad.

Mill. kroner

Bokført verknad.

Mill. kroner

1

420

350

3

1250

1040

5

2330

1940

  1. Det er lagt til grunn at null-satsen i sone 5 vert oppretthalden.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet.