Historisk arkiv

Svar på spm. 12 og 13 fra Finanskomiteen/Kps fraksjon av 29.10.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

Politi og lensmenn

Finansdepartementet
Vårt saksnr: 04/3429

Spørsmål nr. 12 og 13, frå Finanskomiteen/Kystpartiets fraksjon, av 29. oktober 2004, om Statsbudsjettet 2005

Spørsmåla er lagt fram for Justisdepartementet som har gitt slike svar:

Spørsmål 12:

"Kor mykje må ein løyva meir enn Regjeringi sitt framlegg for at politiet/lensmannsetaten skal verta representert med minst ein tilsett i kvar kommune? Me ynskjer at summen vert fordelt på kapittel og postar."

Svar:

Departementet tolkar spørsmålet slik at ein føreset minst ein polititilsett på dagtid, med kontorstad i kvar kommune.

Alle kommunar har i dag både ordinær polititeneste, forvaltning og sivil rettspleie. Det er 61 lensmannsdistrikt som omfattar meir enn ein kommune. Av desse omfattar 5 lensmannsdistrikt tre kommunar. Dersom ein legg til grunn at 70 kommunar må tilførast minst ein polititilsett, med lokale, køyretøy og andre driftskostnadar, vil dette gje ei årleg meirutgift på vel 40 mill. kroner. Heile beløpet vil gjelde kap. 440, post 01.

Føresetnaden om at den eine tilsette skal prioritere å vere til stades på dagtid, inneber at den døgnkontinuerlege politiberedskapen i det alt vesentlege må dekkjast av dei ordningane som er etablerte i dag. Utvidinga vil såleis måtte kome i tillegg til den bemanninga etaten har i dag.

Spørsmål 13:

"Kor mykje kan samfunnet tena i form av mindre byråkrati ved at lensmenn får same kompetanse som politifullmektigar til å skriva ut bøter i høve til straffelovi sine fyresegner um misferd (bm. forseelser)?"

Svar:

Etter straffeprosesslova skal straffesaker avgjerast av påtalemakta. Det er viktig for rettstryggleiken at det er krav om juridisk kompetanse for å avgjere straffesaker. Dette gjeld både for lovbrot og misferder.

Straffelov og straffeprosesslov har nokre unntak for saker om forenkla førelegg. På desse områda kan både lensmenn og andre polititenestemenn skriva ut forenkla førelegg.

Om lensmenn skal få påtalemakt til å skrive ut bøter i samband med misferd (ut over det dei kan i dag i samband med forenkla førelegg), må det truleg krevjast at påtalemakta fører kontroll med lensmennene sine avgjerder. Det er ikkje krav om juridisk kompetanse for å bli lensmann. Straffelova sine føresegner om misferd er så varierande at mange av dei ikkje kan bli behandla utan juridisk kompetanse. I dag er det slik at nokre lensmenn har kompetanse til å sende saker til konfliktråd, men i slike saker blir det også ført ettersyn frå påtalemakta.

Departementet kan ikkje sjå at det blir monaleg mindre byråkrati ved at lensmennene får same kompetanse som ein politifullmektig, fordi alle avgjerder må kontrollerast av påtalemakta. Eit slikt tiltak ville også krevje mykje ekstra opplæring og kursing av lensmennene.