Historisk arkiv

Svar på spm. 64 fra Finanskomiteen/SPs fraksjon av 23.10.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

Skattefradrag for enslige

Finansdepartementet
Vårt saksnr: 04/3318

Spørsmål nr. 64 frå Finanskomiteen/ SPs fraksjon, av 23. oktober 2004, om Statsbudsjettet 2005
”Kva er provenyeffekten av å innføre eit særskilt skattefrådrag på 1000 kroner for einslege med bruttoinntekt under høvesvis 180 000 og 200 000 kroner”

Svar:
I berekninga har departementet tatt utgangspunkt i einpersonshushald. Frådraget blir gjeve i utlikna inntektsskatt etter alle andre skattefrådrag. Bruttoinntekt er her definert som personinntekt. Provenytapet av eit slikt skattefrådrag er berekna til om lag 260 mill. kroner påløpt og 210 mill. kroner bokført dersom ein set den øvre grensa til 180 000 kroner i personinntekta. Med ei grense på 200 000 kroner blir provenytapet om lag 300 mill. kroner påløpt og 240 mill. kroner bokført.

Berekningane er utførte på Statistisk sentralbyrås skattemodell LOTTE, som er basert på eit utval skattytarar. Utvalet er basert på Inntekts- og formuesundersøkinga for 2002 (IF-2002). Datagrunnlaget er framskrive til 2005. Berekningane er usikre mellom anna fordi IF-2002 er basert på eit utval, og fordi det ikkje er tatt omsyn til tilpassingar som følgje av omleggingane, som til dømes endringar i arbeidstilbodet.