Historisk arkiv

Svar på spm. 61 fra Finanskomiteen/SVs fraksjon av 18.05.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Finansdepartementet

Utvikling i antall årsverk 2001-2005, statlig virksomhet. Statlig virksomhet utskilt som A/S

Finansdepartementet
Vårt saksnr: 05/2076

Spørsmål nr. 61, fra Finanskomiteen/ SVs fraksjon, av 19. mai 2005, vedrørende Revidert nasjonalbudsjett 2005

"Kor mange fleire eller færre årsverk er det blitt i statleg verksemd som departement, direktorat og tilsyn sidan 2001? Vi ber om at statleg verksemd som i løpet av perioden er utskilt som A/S eller foretak óg vert tatt med."

Spørsmålet har blitt forelagt Moderniseringsdepartementet, som gir følgende svar:

Årsverk i statlege verksemder

Moderniseringsdepartementet har henta ut data frå Statens sentrale tenestemannsregister pr. 1.10.2001 og 1.10.2004. Tala omfattar talet på arbeidstakarar og utførte årsverk registrerte i dei respektive åra. I tillegg til dei regulativlønte omfattar tala også leiarar og dommarar på kontraktar, pluss avtalelønte og timelønte arbeidstakarar i statleg tariffområde.

Tala er grupperte i tre område:

Det har vore nedgang i nokre departement (JD, UFD) og auke i andre. Stor auke har det vore i Forsvarsdepartementet (145 tilsette). Årsaka er omorganisering, med satsing på integrert strategisk leiing. Forsvarets overkommando er nedlagd.

Utanriksdepartementet har hatt ein auke på 77 tilsette. Årsaka er bl.a. at departementet har overtatt tilsette frå bistandssida.

Riksrevisjonen er rekna med i tala, og har hatt ein auke på 44 tilsette frå 2001 til 2004 (437 til 481).

Når det gjelder auken i direktorat og tilsyn m.v., er det bl.a. oppretta ein del nye institusjonar, til dømes Domstoladministrasjonen i Trondheim. Ein del område, som bl.a. utlendingsforvaltninga, er styrkt. I tillegg er den sentrale trygdeverksemda auka, og Sosial- og helsedirektoratet er oppretta i perioden.

Verksemder utskilde som AS eller føretak sidan 2001

Nedanfor følgjer ei oversikt over statlege verksemder som er utskilde som A/S eller føretak sidan 2001 med utskiljingstidspunkt og tal tilsette på utskiljingstidspunktet (registreringa er frå 1.10. året før).