Historisk arkiv

Norsk makrellstørjefiske etter 20 år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

For første gong på 20 år blir det opna for eit ordinært norsk fiske etter makrellstørje. Noreg kan i 2005 fiske 100 tonn makrellstørje til ein venta verdi på 20 millionar kroner. (24.11.2004)

Pressemelding

Nr.: 66/2004
Dato: 24.11.2004
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Halvard P. Johansen tlf.: 22 24 26 68

Norsk makrellstørjefiske etter 20 år

For første gong på 20 år blir det opna for eit ordinært norsk fiske etter makrellstørje. Noreg kan i 2005 fiske 100 tonn makrellstørje til ein venta verdi på 20 millionar kroner.

Det var på møtet i Tunfiskkonvensjonen for Atlanteren (ICCAT) sist veke at Noreg oppnådde ein kvote på makrellstørje. Noreg har nyleg meldt seg inn i denne forvaltingsorganisasjonen.

- Det er gledeleg at vi igjen kan opne for eit fiske som betydde mykje på 1950-talet og tidleg på 60-talet, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen.

Hovudfisket var på Vestlandet, men det vart fanga makrellstørje både lenger nord og lenger aust.

Ludvigsen viser til at beskatninga den gongen var for stor, fleire og fleire land tok del i fisket. ICCAT legg no vekt på å få til ei forsvarleg beskatning. Noreg vil vere ein pådrivar i det arbeidet.