Historisk arkiv

Dag Erling Stai avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Dag Erling Stai er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Stai skal arbeide i Avdeling for havbruk, sjømat og marknad.(07.10.05)

Pressemelding

Nr.: 64/2005
Dato: 07.10.05
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim, tlf. 22 246 4 60

Dag Erling Stai avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet

Dag Erling Stai er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Stai skal arbeide i Avdeling for havbruk, sjømat og marknad. Dette er ei avdeling med både nasjonale, europeiske og globale oppgåver.

Dag Erling Stai er 49 år og utdanna cand. polit. ved Universitetet i Oslo. Han vart tilsett i Fiskeri- og kystdepartementet i 1987 og har hatt ulike arbeidsfelt som konsulent, rådgjevar, prosjektleiar og underdirektør.

Stai har brei internasjonal erfaring. Han arbeidde som fiskeriråd ved den norske EU-delegasjonen i Brussel 1989 – 1992 og 1999 – 2001. Frå 2001 til 2005 var han fiskeriråd ved Den norske delegasjonen i Geneve (WTO). Stai vil inngå som ein del av leiargruppa i avdelinga der han vil ha eit særskilt fagleg leiaransvar for marknads- og internasjonale spørsmål.