Historisk arkiv

Inviterer til kolmuledrøfting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen inviterer kollegaene sine i EU, Russland, Færøyane, Grønland og Island til å drøfte kolmuleforvaltinga i eit møte i Torshavn på Færøyane 29. mai. (20.05.05)

Pressemelding

Nr.: 25/2005
Dato: 20.05.05

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, mobil 90 02 44 46

Inviterer til kolmuledrøfting

Fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen inviterer kollegaene sine i EU, Russland, Færøyane, Grønland og Island til å drøfte kolmuleforvaltinga i eit møte i Torshavn på Færøyane 29. mai.

- Kyststatane er ikkje einige om forvaltinga av kolmulen i Nord-Atlanteren. Samtidig fortel havforskarane oss at kolmulebestanden ikkje toler det noverande fiskepresset, seier fiskeri- og kystminister Ludvigsen.

- I denne situasjonen har vi på einsidig basis stogga det norske kolmulefisket, og vi meiner det er eit sterkt behov for å drøfte tiltak for å få kolmulefisket under kontroll. Derfor har eg invitert til eit felles møte 29. mai, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen.

Møte vert halde i forkant av Den nordatlantiske fiskeriministerkonferansen i Torshavn 30. og 31. mai.