Delt iverksetjing av pasientskadelova
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Helsedepartementet
Pressemelding | Dato: 29.11.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Regjeringa foreslår endringar i pasientskadelova slik at ho kan setjast delvis i verk 1. januar. Dermed blir det lagt til rette for å føre vidare dei forsikringsavtalane som eksisterer i dag med private tenesteytarar.
Pressemelding
Nr.: 68
Dato: 29.11.02
Delt iverksetjing av pasientskadelova
Regjeringa foreslår endringar i pasientskadelova slik at ho kan setjast delvis i verk 1. januar. Dermed blir det lagt til rette for å føre vidare dei forsikringsavtalane som eksisterer i dag med private tenesteytarar. Departementet vil føre ein aktiv dialog med forsikringsbransjen med tanke på å få til det.
Helsedepartementet har i eit brev i dag informert helsepersonellforeiningane om lovforslaget, som gjør det mogleg at lova kan tre i kraft for den offentlege helsetenesta, men utsetjast for privat helseteneste.
I høringsfråsegn til forskrifter om ny pasientskadelov uttalte Finansnæringens Hovedorganisasjon at forsikringsselskapa truleg ikkje vil tilby forsikringar i ein marknad der selskapa ikkje sjølve får behandle krava dei kan bli ansvarlege for å dekke. Stortinget har vedteke at Norsk pasientskadeerstatning også skal behandle krava som blir retta mot private forsikringsselskap. Fleire helsepersonellforeiningar og enkeltpersonar har i det siste fått brev om at selskapa ikkje vil fornye avtalar eller inngå nye.
Helsepersonell har den siste tida bedt departementet avklare korleis dei kan oppfylle krava til å vere forsikra når forsikringsbransjen ikkje lenger vil tilby forsikringar. Gjennom dagens lovforslag blir det derfor lagt til rette for at dei forsikringsavtalane som eksisterer i dag kan førast vidare.
Regjeringa tek sikte på at pasientskadelova skal tre i kraft for offentleg helseteneste 1. januar 2003 dersom Stortinget vedtek heimel for at lova kan tre i kraft trinnvis. Helsedepartementet vil leggje fram ein proposisjon til våren, med forslag om iverksetjing av eventuelle materielle lovendringar 1. januar 2004. Det kan føre til fullstendig iverksetjing av lova.
- Med dette løyser vi eit problem som kunne skapt ein uoversiktleg situasjon for privat helseteneste etter nyttår, seier helseminister Dagfinn Høybråten.
Vedlegg: linkdoc139483#docBrev til helsepersonellforeningene