Ny universitetsklinikk på Øya i Trondheim
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Helsedepartementet
Pressemelding | Dato: 22.03.2002 | Sist oppdatert: 11.11.2006
Regjeringa legg i dag fram proposisjon for Stortinget om lokalisering og vidare prosess for ny universitetsklinikk i Trondheim. Regjeringa foreslår å setje i gang fase 1 av utbygginga på Øya.
Pressemelding
Nr.: 19
Dato: 22.03.2002
Ny universitetsklinikk på Øya i Trondheim
Regjeringa legg i dag fram proposisjon for Stortinget om lokalisering og vidare prosess for ny universitetsklinikk i Trondheim. Regjeringa foreslår å setje i gang fase 1 av utbygginga på Øya.
Stortingsproposisjonen om RIT 2000-utbygginga passerte statsråd i dag. Regjeringa ber Stortinget stadfeste at den nye universitetsklinikken i Trondheim skal leggjast til Øya, og at første fase av utbygginga kan kome i gang i tråd med tidlegare vedtak. Første fase av utbygginga inkluderer eit nevrosenter, eit kvinne-barn-senter og eit laboratoriesenter. I tillegg skal det inngå eit pasienthotell og ein del av eit forsyningssenter. Det regionale helseføretaket Helse Midt-Noreg skal gjennomføre utbygginga.
Etter at alternativ utbygging på Dragvoll er utgreidd, er det peikt på moglege forbetringar samanlikna med dei opphavlege planane for Øya. Ein tilpassa modell blir derfor lagt til grunn for vidare utbygging, og det vil bli arbeidd med planar for dette i tida som kjem.
Det ligg i utgangspunktet føre fullmakt til å setje i gang med fase 1 ved avgjerd om utbygging på Øya. Stortinget får saka på nytt på grunn av resultata frå Dragvoll-utgreiinga og fordi det blir sett nye premissar for prosjektet på Øya.
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Vidar Oma Steine, tlf. 22 24 82 79