Historisk arkiv

Ny lov om alternativ behandling erstattar kvakksalvarlova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Helsedepartementet

Regjeringa har i dag lagt fram for Stortinget forslag til ny lov om alternativ behandling av sjukdom. - Valfridom for forbrukarane og pasientane står sentralt i lovforslaget, seier helseminister Dagfinn Høybråten.

Pressemelding

Nr.: 73
Dato: 13.12.02

Ny lov om alternativ behandling erstattar kvakksalvarlova

Regjeringa har i dag lagt fram for Stortinget forslag til ny lov om alternativ behandling av sjukdom. - Valfridom for forbrukarane og pasientane står sentralt i lovforslaget, seier helseminister Dagfinn Høybråten.

- Forbrukarane skal ha høve til å ta opplyste og reelle val og skal ha vern mot risiko, seier helseministeren. - Ærleg og påliteleg marknadsføring av tenestetilbod, god forretningsskikk og etikk, teieplikt hos utøvarane og klagerett for pasientane er viktige element. Vi legg til rette for å integrere alternativ behandling med dokumentert effekt i den etablerte helsetenesta.

Forslaga består av tre hovudelement:

  • Lova skal regulere alternativ behandling som skjer utanfor helsetenesta, og erstattar kvakksalvarlova frå 1936. Lovforslaget avgrensar retten til å drive behandlingsverksemd på visse område, ved at berre helsepersonell skal kunne utføre prosedyrar og inngrep som krev særskilt kompetanse. Vidare opnar lovforslaget for i stor grad å tilby alternativ behandling som supplement til skolemedisinsk behandling ved alvorlege sjukdommar.
  • Regjeringa foreslår ei registerordning for alternative utøvarar. Registerordninga inneber at det blir stilt krav til utøvarorganisasjonane og deira medlemmer for å kunne bli registrert utøvar. Utøvarorganisasjonane må m.a. ha vedtekter som stiller faglege og yrkesetiske krav til medlemmene og dessutan klageordningar for pasientar. Registreringa er ikkje det same som ei offentleg godkjenning.
  • Det tredje elementet er faglege utviklingstiltak som etablering av ein informasjonsbank, meir forsking, samarbeidsprosjekt mellom alternative behandlarar og helsetenesta, og utgreiingar knytte til behandlingsformene naprapati og osteopati og til utdanningane i akupunktur og homøopati. Dei faglege utviklingstiltaka kan m.a. danne grunnlaget for ei tilnærming mellom alternativ behandling og den etablerte helsetenesta.

Når det gjeld alternativ behandling utanfor helsetenesta, er forbrukarperspektivet lagt til grunn. Regjeringa legg til grunn at Forbrukarombodet skal føre aktivt tilsyn med korleis alternative utøvarar marknadsfører tenestene sine.

Endringar i meirverdiavgiftslova gjer det no mogleg å frita helserelaterte tenester frå moms. Akupunktur og homøopati har allereie momsfritak. Helsedepartementet foreslår i samråd med Finansdepartementet å frita osteopati, naprapati, soneterapi, aromaterapi, ernæringsterapi og urtemedisin frå moms. Dette må regulerast nærmare i forskrift.

Regjeringsforslaget går fram av Odelstingsproposisjon nr. 27 (2002-2003) om lov om alternativ behandling av sykdom mv. Proposisjonen byggjer på NOU 1998: 21 alternativ medisin.

Kontaktpersoner: Avd.dir. Elisabeth Salvesen, 22248556/91310092
Avd.dir. Kjell Røynesdal, 22248725/90571517