Opnar for tvangsmulkt til sjukehusa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Helsedepartementet
Pressemelding | Dato: 28.06.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Regjeringa legg i dag fram forslag om endringar i spesialisthelsetenestelova og tilsynslova. Forslaget inneber mellom anna at Helsetilsynet kan gi tvangsmulkt til sjukehus som ikkje følgjer pålegg. Tilsynslova er foreslått endra slik at fylkeslegane blir integrerte i fylkesmannsembeta.
Pressemelding
Nr.: 46
Dato: 28.06.02
Opnar for tvangsmulkt til sjukehusa
Regjeringa legg i dag fram forslag om endringar i spesialisthelsetenestelova og tilsynslova. Forslaget inneber mellom anna at Helsetilsynet kan gi tvangsmulkt til sjukehus som ikkje følgjer pålegg. Tilsynslova er foreslått endra slik at fylkeslegane blir integrerte i fylkesmannsembeta.
I eit forslaget til endringar i spesialisthelsetenestelova går regjeringa inn for å gi Statens helsetilsyn heimel til å gi sjukehusa tvangsmulkt når pålegg om å rette avvik ikkje blir oppfylt innan ein fastsett frist. Helsedepartementet meiner det er viktig at tilsynsmyndigheita, på same måte som fleire andre statlege tilsyn, får høve til å bruke tvangsmulkt for å sikre at regelverket blir følgd. Det gir uheldige signal at andre myndigheiter som også fører tilsyn med helsetenesta, slik som for eksempel Arbeidstilsynet, Datatilsynet og Statens forureiningstilsyn, har høve til å gi tvangsmulkt, utan at Helsetilsynet har det. Dette kan gi inntrykk av at svikt i helsetenesta er mindre alvorleg enn svikt på andre samfunnsområde.
Stortinget vedtok i fjor sommar under handsaminga av oppgåvefordelingsmeldinga, at fylkeslegen skal integrerast i fylkesmannsembetet. Regjeringa har i dag fremma eit lovforslag for å sikre dette.
For å sikre at tilsynsmyndigheitene blir fagleg uavhengige skal fylkeslegane framleis vere underlagt Statens helsetilsyn når dei utøver tilsyn.
Det er også forslag om at ein fylkeslege kan ha meir enn eit fylke i sin embetskrets. Det opnar for at det kan bli ein fylkeslege for Oslo og Akershus, der det allereie er eitt felles fylkesmannsembete.
Ot.prp. nr. 105
(2001-2002) Om lov om endringer i lov 30. mars 1984 nr. 15 om
statlig tilsyn med
helsetjenesten og i enkelte andre lover
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Elisabeth Salvesen, tlf. 22 24 85 56/ 91310092