Historisk arkiv

Pressemelding: Helse Vest med eigen nettstad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Helsedepartementet

Pressemelding

Dato: 24.05.02

Helse Vest med eigen nettstad

Gå inn på adressa www.helse-vest.no og besøk Helse Vest sine internettsider. Her finn du mellom anna informasjon om den nye organisasjonen, aktuelle saker, saker som styret for regionen handsamar, pressemeldingar, oversikt over dei ulike helseforetaka og sjukehus/institusjonar.

- Vi har mange viktige målgrupper spreidd over eit stort geografisk område. For å nå målgruppene våre vil vi nytte oss av ulike verkemiddel og ulike kanalar. Internett er ein svært viktig informasjonskanal som vi vil nytte aktivt, seier informasjonsdirektør Bjørg Sandal i Helse Vest.

Det regionale helseforetaket (RHF) Helse Vest vart oppretta 1. januar 2002 og har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

--------------------------------------------------------------------------------------------------

Kontaktperson:
Bjørg Sandal, informasjonsdirektør i Helse Vest. Telefon 51 96 38 07 eller mobil 41 53 38 07