Historisk arkiv

Forslag om å endre pasientskadelova for private helsetenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Helsedepartementet

Helsedepartementet sender no ut høringsnotat med forslag til endringar i pasientskadelova. Lova tok til å gjelde for offentleg helseteneste frå 1. januar i år, men blei utsett for privat helseteneste. Med lovendringane som no er foreslått, er det meininga at lova heilt ut kan tre i kraft frå 1. januar neste år. (10.02.03)

Pressemelding

Nr.: 9
Dato: 10.02.2003

Forslag om å endre pasientskadelova for private helsetenester

Helsedepartementet sender no ut høringsnotat med forslag til endringar i pasientskadelova. Lova tok til å gjelde for offentleg helseteneste frå 1. januar i år, men blei utsett for privat helseteneste. Med lovendringane som no er foreslått, er det meininga at lova heilt ut kan tre i kraft frå 1. januar neste år.

I høringsnotatet ligg det forslag om ei lovendring som fører til at forsikringsselskapa sjølve behandlar dei krava om erstatning etter pasientskadar som dei kan bli ansvarlege for å dekkje. Bakgrunnen for forslaget er at forsikringsselskapa ikkje ville tilby forsikringar til privat helseteneste innanfor den nye pasientskadelova. Hovudgrunnen var at saksbehandlinga av krava etter pasientskadelova var lagt til Norsk Pasientskadeerstatning, ikkje til forsikringsselskapa. Ettersom private helsetilbydarar har plikt til å vere forsikra, blei det avgjort at lova berre skulle tre i kraft for offentleg helseteneste. Det blir no lagt opp til at Pasientskadenemnda skal bli felles klageorgan for saker som blir behandla av Norsk Pasientskadeerstatning og i forsikringsselskapa.

Det er òg forslag om at Pasientskadenemnda kan spørjast om å behandle saker som ikkje er ferdigbehandla etter to år i Norsk Pasientskadeerstatning eller hos forsikringsgivar. Ordninga er meint som ein tryggingsventil og kan verke som ein spore til å avgrense saksbehandlingstida.

Kontaktpersoner: Erik Helstad, 22 24 84 86, Roger Østbøl, 22 24 82 07

Til høringsdokumentene