Historisk arkiv

Pasienskadelova blir endra for å omfatte private helsetenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Helsedepartementet

I statsråd i dag la regjeringa fram forslag til endringar i pasientskadelova. Lova tredde i kraft for offentleg helseteneste frå 1. januar i år, men blei utsett for privat helseteneste. Med dagens lovendring, som gjeld private helsetenester, tek regjeringa sikte på at lova kan tre endeleg i kraft frå 1. januar 2004.

Pressemelding

Nr.: 26
Dato: 11.04.03

Pasientskadelova blir endra for å omfatte private helsetenester

I statsråd i dag la regjeringa fram forslag til endringar i pasientskadelova. Lova tredde i kraft for offentleg helseteneste frå 1. januar i år, men blei utsett for privat helseteneste. Med dagens lovendring, som gjeld private helsetenester, tek regjeringa sikte på at lova kan tre endeleg i kraft frå 1. januar 2004.

Forslaget inneber ei lovendring som fører til at forsikringsselskapa sjølve behandlar krav om erstatning etter pasientskadar som dei kan bli ansvarlege for å dekkje. Bakgrunnen for forslaget er at forsikringsselskapa ikkje ville tilby forsikringar til private helsetenester innanfor den nye pasientskadelova. Hovudgrunnen var at saksbehandlinga av krava etter pasientskadelova var lagt til Norsk Pasientskadeerstatning, ikkje til forsikringsselskapa. Etter som private helsetilbydarar har plikt til å vere forsikra, blei det bestemt at lova berre skulle tre i kraft for offentleg helseteneste frå 1. januar i år.

Regjeringa foreslår også at Pasientskadenemnda blir felles klageorgan for saker som blir behandla av Norsk Pasientskadeerstatning og i forsikringsselskapa.

Det er også forslag om at Pasientskadenemnda kan oppmodast om å behandle saker som ikkje er ferdigbehandla innan to år i Norsk Pasientskadeerstatning eller hos forsikringsgivar. Ordninga er meint som ein tryggingsventil og kan verke som ein spore til kortare saksbehandlingstid.

Helseminister Dagfinn Høybråten understrekar at dette inneber ei styrking av pasienten sin posisjon i ordninga. Han opplyser også at det no blir sett i verk ei ekstern evaluering av Norsk Pasientskadeerstatning med vekt på service, informasjon, saksbehandlingstid og praksis.

Kontaktpersonar: Erik Helstad, 22 24 84 86, Roger Østbøl, 22 24 82 07