Historisk arkiv

Plikt til å varsle om kjønnslemlesting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Helsedepartementet

Kjønnslemlesting er ei krenking av kvinner og strir mot grunnleggjande menneskerettar. Derfor foreslår regjeringa no å endre lova slik at personar som gjennom arbeidet sitt får kjennskap til at kjønnslemlesting kan kome til å skje, får plikt til å seie i frå. Dei kan straffast om dei ikkje gjer det.

Pressemelding

Nr.: 16
Dato: 10.03.2003

Plikt til å varsle om kjønnslemlesting

Kjønnslemlesting er ei krenking av kvinner og strir mot grunnleggjande menneskerettar. Derfor foreslår regjeringa no å endre lova slik at personar som gjennom arbeidet sitt får kjennskap til at kjønnslemlesting kan kome til å skje, får plikt til å seie i frå. Dei kan straffast om dei ikkje gjer det.

For å sikre eit betre vern for jenter som kan bli ramma av kjønnslemlesting blir det foreslått ein ny regel i lova om forbod mot kjønnslemlesting om plikt til å hindre brot på lova. Departementet foreslår at denne plikta skal gjelde for personar som tilhøyrer yrkesgrupper som gjennom arbeidet sitt får kjennskap til at kjønnslemlesting kan kome til å skje.

Departementet tilrår at plikta til å hindre kjønnslemlesting etter lova om forbod mot kjønnslemlesting skal gjelde utan omsyn til teieplikt. Etter departementet si vurdering veg omsynet til å hindre kjønnslemlesting tyngre enn omsynet til å halde fast ved teieplikta dersom ei jente står i fare for å bli utsett for kjønnslemlesting. Ei plikt til å hindre kjønnslemlesting utan omsyn til teieplikta kan også vere med på å lette samarbeidet mellom ulike yrkesgrupper på dette feltet.

I Noreg har vi sidan 1995 hatt ei eiga lov som forbyr kjønnslemlesting, men det finst framleis inga avgjerd av norske domstolar der lova om forbod mot kjønnslemlesting har blitt nytta.

Departementet tilrår at forsømming av å rette seg etter avverjingsplikta skal straffesanksjonerast. Dette inneber at lærarar og helsepersonell, tilsette i barnehagar, skulefritidsordningar, barnevernet og sosialtenesta og forstandarar/leiarar i trussamfunn kan bli straffa for ikkje å oppfylle avverjingsplikta.

Høyringsfristen er 4. juni 2003.

Kontaktpersoner:
Avdelingsdirektør Elisabeth Salvesen, 22 24 85 56 , 913 100 92
Rådgjevar Anne Sofie von Düring, 22 24 87 17