Historisk arkiv

Tilboda ved Helse Førde HF

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen ber Helse Vest om ei utgreiing om dei strukturtiltaka som er vedtekne i Helse Førde innan 1. mars i år.

Pressemelding

Nr.: 3
Dato: 17.01.05

Tilboda ved Helse Førde HF

Helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen ber Helse Vest om ei utgreiing om dei strukturtiltaka som er vedtekne i Helse Førde innan 1. mars i år.

I den nasjonale helsepolitikken er det viktig at tilboda ved sjukehusa blir utforma i høve til dei behova som fins. I ny strategi for lokalsjukehusa, som fekk brei tilslutning i Stortinget ved behandlinga av statsbudsjettet for 2005, skal lokalsjukehusa i større grad rette tilboda inn mot behova hos dei pasientane som i dag får tenester med lav kapasitet, til dømes tenester til sjuke eldre, psykiatri og rus. Dette betyr at dei regionale helseføretaka skal gjere omstillingar og endringar i sjukehusstrukturen til beste for eit heilskapeleg tilbod for pasientane.

Helse- og omsorgsministeren vil sikre seg at når omstillingar skjer, skal det vere god dokumentasjon på at nye tiltak sikrar pasientane sine behov på ein minst like god måte som tidlegare, og at krava til god organisering av den akuttmedisinske kjeda er ivaretatt. Helse Vest er bedne om å gjere greie for dette når det gjeld dei sist vedtekne strukturtiltaka i Helse Førde.

Dette kjem fram i brev til Helse Vest frå Helse- og omsorgsdepartementet i dag.