Historisk arkiv

U-2/2003

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Lov om sosiale tenester m.v. Satsar for fylkeskommunen sin rett til refusjon ved opphald i institusjonar for rusmdelmisbrukarer

Lov om sosiale tenester m.v. Satsar for fylkeskommunen sin rett til refusjon ved opphald i institusjonar for rusmiddelmisbrukarar

U-2/2003
Dato: 27.1.2003

Landets fylkeskommunar
Landets kommunar
Landets fylkesmenn
Landets fylkeslegar
Trygdekontora
Sosial- og helsedirektoratet

  1. Kommunen sin refusjon til fylkeskommunen for opphald i institusjon for omsorg eller behandling av rusmiddelmisbrukarar

Etter § 11-4 i sosialtenestelova skal den kommunen som har søkt om inntak for ein person i institusjon for omsorg for og behandling av rusmiddelmisbrukarar, yte delvis refusjon for kostnadene ved opphaldet til fylkeskommunen, etter forskrifter gjevne av Kongen. Etter § 9-5 i forskrifta skal Sosialdepartementet fastsette refusjonssatsen.
For 2003 har Sosialdepartementet fastsett den kommunale refusjonssatsen til kr. 12 500,- for månaden.

  1. Fylkeskommunen sin refusjon frå annen fylkeskommune

Etter § 11-5 i sosialtenestelova skal fylkeskommunen betale for kjøp av gjestepasientplassar i andre fylkeskommunar etter forskrifter gjevne av Kongen. Etter § 10-6 i forskrifta skal Sosial- departementet fastsette den normerte gjestepasientsatsen.
For 2003 har Sosialdepartementet fastsett den normerte gjestepasientsatsen til kr 1 650,- for døgnet.

Når det gjeld spørsmål om framtidig organisering av tiltak for rusmiddelmisbrukarar viser ein til rundskriv U- 12/ 2002 datert 12. desember 2002.

Med helsing

Tom Rådahl e.f.
ekspedisjonssjef

Eli Johanne Lundemo
avdelingsdirektør