Historisk arkiv

Domarar må registrere sidegjeremål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Regjeringa har fastsett ei ny forskrift om domarane sine sidegjeremål. Saman med reglar i domstollova, gir forskrifta reglar om registrering og godkjenning av domarane sine sidegjeremål, inkludert investeringar. (18.10.2002)

Pressemelding

Nr.: 92 - 2002
Dato: 18.10.2002

Domarar må registrere sidegjeremål

Regjeringa har fastsett ei ny forskrift om domarane sine sidegjeremål. Forskrifta trer i kraft 1. november 2002. Saman med reglar i domstollova, gir forskrifta reglar om registrering og godkjenning av domarane sine sidegjeremål, inkludert investeringar.

Lovreglane og forskrifta fastset mellom anna at alle domarar må registrere sidegjeremåla sine i eit register som Domstoladminstrasjonen skal opprette. Domarane må søkje om godkjenning for nokre av sidegjeremåla. Det vil vere Domstoladministrasjonen som gjev slik godkjenning.

Lovreglane og forskrifta trer i kraft 1. november 2002. Domarane vil likevel ikkje ha plikt til å registrere eller søkje om godkjenning for sidegjeremåla sine før 1. mars 2003. Forskrifta fastset dessutan at sidegjeremål som er avslutta før 1. mars 2003, ikkje er registreringspliktige, og at ein reknar sidegjeremål som domaren har før 1. mars 2003, som godkjent.