Historisk arkiv

Enklare å få fri rettshjelp for Høgsterett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Frå 1. januar kan Høgsterett sjølv gje fri rettshjelp utan omsyn til inntekt og formue dersom Høgsterett meiner at saka har prinsippiell interesse.(02.01.2002)

Pressemelding

Nr.: 2-2002
Dato: 02.01.2002

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Jan Gotaas, tlf 22 24 52 28

Enklare å få fri retthjelp for Høgsterett

Frå 1. januar kan Høgsterett sjølv gje fri rettshjelp utan omsyn til inntekt og formue dersom Høgsterett meiner at saka har prinsippiell interesse.

Som oftast er det berre dei store og viktige sakene som kjem opp for Høgsterett. Før dei kjem så langt, er dei som regel handsama i to rettsinstansar. Då er ofte kostnadane til advokat blitt svært høge, og folk flest har ikkje råd til å få prøvd saka si for den høgste domstolen i landet.

Til no har berre dei med inntekter under 200 – 210 000 kroner kunna få fri sakførsle for Høgsterett. No er det kome ei ny lov som gjer at Høgsterett sjølv kan gjære unntak frå inntektsgrensene og gje fri sakførsle dersom saka har prinsipiell interesse. Det gjeld til dømes om Høgsterett ikkje har avgjort ei liknande sak tidlegare.

Lovendringa blei vedteke av Stortinget i vår og gjeld frå 1. januar.