Historisk arkiv

Vern om design

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Den nye designlova som vert lagt fram av regjeringa i dag,gjer det mogleg å få einerett til å lage produkt med ein bestemd formgiving. Det vert også høve til å verne elektronisk formgiving mot plagiering, til dømes grafiske uttrykk på Internett, noko som ikkje er mogleg i dag. (4.10.2002)

Pressemelding

Nr.: 89 - 2002
Dato: 4.10.2002
Kontaktperson: Lovrådgivar Eyvin Sivertsen, tlf. 22 24 53 75

Styrka vern for designarar

Regjeringa har lagt fram forslag til ny lov om vern av design, som skal erstatte mønsterlova frå 1970. Designlova gjer det mogleg å få einerett til å lage produkt med ein bestemd formgiving. Det vert også høve til å verne elektronisk formgiving mot plagiering, til dømes grafiske uttrykk på Internett. Dette er ikkje mogleg i dag.

Føremålet med lova er å motivere til utvikling av produkt med god formgiving til nytte for forbrukarane og samfunnet elles.

-Eg vonar at lova vil styrke norske selskap som driv med produktutvikling, seier justisminister Odd Einar Dørum. Det er ofte formgivinga som avgjer kva varer forbrukarar vel. Utan vern mot kopiering kan det være vanskeleg å satse på design..

For å få vern må designen skilje seg tydeleg frå anna kjent design. Den må dessutan registrerast hos Patentstyret. Eineretten gjeld i inntil 25 år.

Handsaminga av søknader vil gå mykje raskare enn etter mønsterlova, fordi Patentstyret ikkje skal undersøke søknaden like grundig som før. Det vert til gjengjeld enklare å få oppheva eineretten etterpå dersom det vert avdekt at designen til dømes ikkje skil seg tydeleg nok frå ein annan design. Kven som helst kan krevje overprøving i heile levetida til registreringa. Systemet vert med dette meir fleksibelt og brukarvennleg.