Historisk arkiv

Auka straff for spreiing av sjukdom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Regjeringa fremmer eit lovforslag om auking av rammene for bevisst spreiing av sjukdom og annan omsynslaus åtferd. Strafferamma for bevisst spreiing av allmennfarlig smittsam sjukdom auker frå 3 til 6 års fengsel. (04.04)

Pressemelding

Nr.: 19 - 2003
Dato: 04.04.2003

Auka straff for spreiing av sjukdom og annan omsynslaus åtferd

Strafferammene har i praksis vist seg for låge, noko Høgsterett òg har gitt signal om. Regjeringa fremmer difor eit lovforslag om auking av rammene for bevisst spreiing av sjukdom og annan omsynslaus åtferd.

Regjeringa foreslår å auke strafferamma for spreiing av allmennfarlig smittsam sjukdom frå 3 til 6 års fengsel (straffelova § 155). Om nokon med skilleg grunn til å tru at dei er smitteførande utsetjar ein annan for smitte, kan han eller ho straffast med fengsel i opp til 6 år om dei gjer det forsettleg. Aktlaus framferd kan framleis straffast med opp mot 3 år. Medverknad straffast på same måte. Er fornærma den skyldiges næraste, finn offentleg påtale bare sted etter krav frå den fornærma med mindre allmenne omsyn krev det.

Strafferamma for omsynslaus framferd (straffelova § 390 a) skal aukas frå 6 månader til 2 års fengsel. Om nokon ved skremmande eller plagsam opptreden eller annan omsynslaus åtferd krenkjer ein annans fred, eller medverkar til det, kan dei straffast med bøter eller fengsel opp mot 2 år, seier forslaget.