Historisk arkiv

Ny direktør - Kontor for valdsoffererstatning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Advokat Remi Strand er tilsett som direktør for Kontoret for valdsoffererstatning. Kontoret skal, frå 1. september, handsame valdsoffererstatning-ssaker i første instans.(07.07)

Pressemelding

Nr.: 53 - 2003
Dato: 07.07.2003

Ny direktør for nyetablert kontor for valdsoffererstatning

Advokat Remi Strand er tilsett som direktør for Kontoret for valdsoffererstatning. Kontoret skal frå 1. september handsame valdsoffererstatningssaker i første instans..

Advokat Remi Strand er 35 år, og har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Tromsø i 1995. Han har tidlegare vore dommarfullmektig og sorenskrivar ved Vardø sorenskrivarembete frå 1998 til 2001. Frå 2001 og fram til dag har Strand hatt eigen praksis som advokat.

Valdsoffererstatning er ei erstatning frå staten for personskade voldt ved straffbar handling.

Etableringa av Kontoret for valdsoffererstatning inneber at fylkesmannen sin kompetanse til å handsame søknader om valdsoffererstatning blir overført til ei eiga, sentralisert eining i Vardø. Samling av sakene til eitt organ vil føre til ein meir einsarta praksis i førsteinstansen. Vilkåra for å få valdsoffererstatning blir ikkje endra.

Vardø kommune har lenge hatt behov for å få tilført nye arbeidsplassar. Det nye kontoret vil halde til sentralt i Vardø, og vil gi cirka 14 nye arbeidsplassar i kommunen. I tillegg til stillinga som direktør er det fram til no tilsett ni andre. Fleire av dei tilsette ved kontoret har bakgrunn frå Finnmark og Vardø.