Historisk arkiv

Ny leiar av Innsynsutvalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Sorenskriver Anne Marie Stoltz, som leiar Innsynsutvalet, har bede om å bli fritatt for vervet frå årskiftet 2003 -2004. Justisdepartementet har oppnemnt tingsrettsdomar Randi Carlstedt som ny leiar.(05.2003)

Pressemelding

Nr.: 94 - 2003
Dato: 05.12.2003

Ny leiar av Innsynsutvalet

Noverande leiar av Innsynsutvalet, sorenskriver Anne Marie Stoltz, haretter søknad bede om å bli fritatt for vervet frå årskiftet 2003 -2004. Justisdepartementet har oppnemnt tingsrettsdomar Randi Carlstedt som ny leiar.

Medlemmane til innsynsutvalet samt klagenemnd vart utnemnt 22. desember 1999 og 14. januar 2000.

Innsynsutvalget vart oppretta fordi den såkalla Innsynsloven, "Mellombels lov om avgrensa innsyn i overvakingspolitiet sine arkiv og register", kravde dette. Utvalet har som oppgåve å vurdere personars rett til innsyn, samt retten til erstatning dersom vedkomande person har lidd alvorleg skade som fylgje av at opplysningar er ulovleg innhenta, registrerte eller nytta.

Innsynsloven, som vart vedtatt av Stortinget 4. mars 1999, forutsette oppretting av eit eige organ til å handsame søknadar om innsyn og erstatning, samt ei klagenemnd. Loven inneber at norske borgarar og personer høyrande heime i Noreg blir gitt innsyn i dokumenter og opplysningar frå overvakingspolitiet (PST) sine arkiv og register i perioden 8. mai 1945 til 8. mai 1996.