Tomtefeste - fakta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Justis- og politidepartementet
(20.02)
Nyheit | Dato: 20.02.2003 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Stortinget handsama tirsdag 18. februar 03 framlegg om ny tomtefestelov, og vedtok å be regjeringa lage lovframlegg som vil gi huseigar rett til å kjøpe tomta dei har hus på. I Noreg er det totalt mellom 300 000 og 350 000 festeforhold. (20.02)
Tomtefeste – fakta
I Noreg er det totalt mellom 300 000 og 350 000 festeforhold. Det er i første rekke privatpersonar som er festarar. Aksjeselskap er ført opp i 6% av tilfella, medan kommunar i 5% av tilfella.
Av dei registrerte festeforholda er om lag 152 000 til bustadformål. Om lag 97 000 er registrert til fritidsformål. Frå kategorien ’uoppgitt’ kan ein sjå at om lag 55 000 privatpersoner står oppført som festarar. Såleis er det truleg rundt 300 000 festeforhold totalt som er til bustad- eller fritidsformål.
Stortinget handsama tirsdag 18. februar 03 framlegg om ny tomtefestelov. Stortinget gjorde i den samanhengen vedtak om å be regjeringa lage lovframlegg som vil gi huseigar rett til å kjøpe tomta dei har hus på.