Historisk arkiv

Styrka forbrukarvern for lånekundar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

- Det er naudsynt med styrka forbrukervern for folk som har kommunale lån, seier statsråd Dørum. Regjeringa gjer difor framlegg om at reglane i finansavtalelova om lån og kausjon skal gjelde fullt ut for kommunale lån.(12.03)

Pressemelding

Nr.: 18 – 2004
Dato: 12.03.2004

Styrka forbrukarvern for lånekundar

Det er naudsynt med styrka forbrukervern for folk som har kommunale lån, seier justisminister Odd Einar Dørum. Regjeringa gjer difor framlegg om at reglane i finansavtalelova om lån og kausjon skal gjelde fullt ut for kommunale lån. – Framlegget inneber ei betre ivaretaking av forbrukarinteressene og ei klargjering av rettstilstanden, seier Dørum.

I dag er utgangspunktet at reglane i finansavtalelova om lån og kausjon ikkje gjeld når ein kommune er långivar. Forbrukarane bør ikkje ha eit svakare vern dersom långivaren er ein kommune, enn dersom långivaren er ein bank, seier Dørum, og peiker på at dei låntakarane som får lån av kommunar, ofte har eit særleg behov for informasjon og forbrukarvern. Dette gjeld ikkje minst når kommunane yter sosiallån.

Behovet for forbrukarvern gjer seg også gjeldande når kommunane yter formidlingslån frå Husbanken.

Forslaget inneber m.a. at kommunane blir omfatta av reglane i finansavtalelova om opplysningsplikt, frårådingsplikt, krav til innhaldet i låneavtalen, endring av lånevilkåra og overdraging av lån. For låntakarane er konsekvensen at dei får dei same rettane overfor kommunale långivarar som dei har overfor bankane.

Sjå også Ot.prp. nr. 38 Om lov om endringar i lov 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer og finansavtalelova m.m.

Kontaktperson i Justisdepartementets lovavdeling: Fung. lovrådgjevar Tore Fjørtoft,
22 24 53 88.