Historisk arkiv

ULTIMA-festivalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 197/01
Dato: 09.11.2001
Kontaktperson: Fung. informasjonssjef Kjell Solem, tlf. 22 24 78 09

ULTIMA-festivalen

ULTIMA-festivalen får fast plass på statsbudsjettet og ein auke i det statlege tilskotet.

ULTIMA-festivalen har i inneverande år 2,6 mill. kroner gjennom Kulturrådets festivalstøtteordning. Samarbeidsregjeringa gjer framlegg om at dette beløpet blir auka til 3,5 mill. kroner for 2002.

- Dette er ei markering av verdien av samtidsmusikk. ULTIMA-festivalen er sentral når det gjeld produksjon og formidling av samtidsmusikk og ny scenekunst. Og festivalen har lukkast med å nå fram til nye publikumsgrupper, ikkje minst unge menneske, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.