Helsing på landskonferansen for diakoner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Tale/innlegg | Dato: 07.11.2001
Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland
Helsing på landskonferansen for diakoner
Hotell Norrøna, Oslo, 7. november 2001
Både som statsråd og som kyrkjemedlem er eg glad for å vere her på landskonferansen til Diakonforbundet og helse dykk frå regjeringa.
Den diakonale tenesta er forkynning av den kristne bodskapen – "om naudsynt med ord", som fyrste foredrag på landsmøtet har som tema. Ord er viktige. Men når ord og handling ikkje seier det same, er det handlingane som vert stående. Når Jesus vart kalla for "Ordet" – var det fordi han kledde orda sine i seg sjølv og openberra kva det tyder at Gud er kjærleik. Han vaska føtene til læresveinane sine. Han forkynte tilgjeving og synte kva det tydde ved å sørge for menneske med mat og helse og fellesskap. Han gjorde det uten å gjera forskjell på folk.
Dette menneskesynet, at alle er like mykje verd og at det er viktig å ta seg av dei som treng det, har sitt utgangspunkt og motivasjon i den kristne trua. Det diakonale engasjementet spring ut av denne forankringa og gjer at mange menneske møter kyrkja i dagleglivet gjennom den diakonale verksemda.
Regjeringa ønskjer å arbeide for eit samfunn der likeverd, omsorg og gjensidig respekt er grunnleggjande verdiar. Eit solidarisk og varmt samfunn vert skapt av menneske som tar vare på kvarandre og visar omsorg for dei som er dårlegast stilt. Regjeringa si helse- og sosialpolitikk har mellom anna som mål å betre levekåra og livskvaliteten for enkeltmenneske som treng støtte - born og eldre, funksjonshemma, rusmisbrukarar og dei som er ramma av sjukdom og fattigdom. Her har diakonien sjølvforståing, tradisjon og kompetanse å gje både lokal- og storsamfunnet.
Eg har merka meg at sjølve omgrepet diakoni er under utviding. "Ungdomsdiakoni", "familiediakoni", "barnediakoni" er ord som sviv i lufta når sokneråd skal leggje planar og finne nye veger å gå for å "vekke og nære det kristelege livet i soknet". Å styrkje familien sine kår, syte for gode oppvekstvilkår for born og unge, sjå til at alle som strevar og ber tungt, ikkje er ålene, det er oppgåver som diverre ikkje ser ut til å bli borte, sjølv i eit velferdssamfunn som vårt.
Eg trur difor ein trygt kan seie at det ligg mange felles verdiar og målsettingar til grunn for kyrkja sitt diakonale arbeid og regjeringa sitt arbeid innafor ulike områder.
Som kyrkjestatsråd er eg interessert i å sette meg inn i korleis det går med arbeidet for å styrke det diakonale arbeid på kyrkja sitt lokale plan. Eg trur ideane og engasjementet som trengst for å finne dei rette tiltaka og gode arbeidsformene må koma frå grasrota. Det er lokalt ein kan finne fram til gode prosjekt som kan utløyse kommunal støtte. Der er der draumane de ber på kan bli sett ut i livet. Som kyrkjemedlem har eg merka meg at både politikarar og administrasjon i min eigen kommune, Asker, er klar over dei viktige arbeidet som kyrkja gjer på det diakonale feltet og støtter opp om det. Men eg veit sjølvsagt også kor viktig det er med støtte sentralt.
Eg ynskjer dykk lukke til i arbeidet i kyrkjelydar og institusjonar, med utdannings- og etterutdanningsarbeid og med fagforeningsarbeidet både sentralt og lokalt!
Ha ein god og inspirerande konferanse!