Historisk arkiv

Markeringa av Festspelas 50-årsjubileum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Markeringa av Festspelas 50-årsjubileum

Festspela i Bergen sitt 50-års jubileum, Bergen, 6. november 2001

Gratulerer med dagen! Det er ei stor glede for meg å vera tilstades ved markeringa av Festspela i Bergen sitt 50-årsjubileum på sjølve dagen då Festspela blei stifta.

Staten har ytt stønad til Festspela i Bergen sidan dei første festspela gjekk av stabelen i juni 1953. Det første året var tilskotet på 60 000 kroner, og i Kyrkje- og undervisingsdepartementets budsjettforslag for 1954 står det:
"Tiltaket i 1953 var vellukka, og nemnda i Bergen vil freista å gjera Festspillene i Bergen til ein fast institusjon med årvisse muskler".
Frå 1954 var tilskotet på 100 000 kroner. I eit brev av 15. februar 1961 skreiv dåverande styreleiar Niels-Henrik Kolderup at:
Festspela har ".. gjort en rekke forsøk på å bedre økonomien ved populære arrangementer av underholdningsmessig art.

Ugunstige værforhold under friluftsarrangementene har til tider gjort arrangementene økonomisk resultatløse". Festspela såg seg difor ".. tvunget til å søke det ærede Departement om forhøyelse av det årlige tilskudd fra kr. 100.000 til kr. 250.000".
Oppmodinga hadde ein viss effekt, og i 1963 blei tilskotet auka til 125.000 kroner. Men tidene har endra seg. Regjeringa Stoltenberg fremja i sitt forslag til statsbudsjett for 2002 ei styrking av tilskotet til Festspela i Bergen med 3,2 mill. kroner til 10,3 mill. kroner totalt. Det er eit forslag eg med glede sluttar meg til, og håpar at Stortinget gjer det same.

Festspela i Bergen har ein unik posisjon i Noreg og eit godt omdømme i utlandet. Spela har ført til kulturell vekst og fornying og vore med på å setja Noreg på verdskartet. Eg er nok ikkje åleine om å vera stolt over at internasjonale gjester og artistar kvar vår strøymer til Bergen for å vera med i Festspela. Bergen, med si rike handels- og kulturhistorie, er som skapt til å vera ramma rundt dei dynamiske spela.

I eit tidligare festspelprogram heiter det: "Festspillene gir deg en musikalsk smeltedigel der musikk fra flere kontinenter, fra ulike sjangre og epoker kommer sammen. Reaksjoner og prosesser igangsettes, og nye, spennende legeringer oppstår. Det allerede kjente foredles og berikes". Eg gjer gjerne desse orda til mine. Festspela i Bergen er ein møteplass og ein arena for utveksling av røynsle og inntrykk der spennvidde, kvalitet og kreativitet er kjenneteiken.
Tilhøvet mellom fortid, notid og framtid er eit tema som går igjen. Tradisjonelle og moderne utrykk eksisterer side om side. Publikum blir både oppglødd og provosert.

Festspeldirektør Bergljót Jónsdóttir har sagt at "Festspillene i Bergen har som mål å gjøre utsynet videre, gjøre vinduet større og klarere". Ved å bryta ned nokre barrierer og fjerna nokre filter vil eg hevda at Festspela langt på veg har klart dette. Eg gler meg til nye - utviklande og engasjerande – festspel i åra som kjem.

Min personlege erfaring med festspela er enkelte nattjazzarrangement og to-tre andre sporadiske opplevingar. Draumen om å bli invitert til opninga av festspela har eg hatt sidan eg blei valt til Stortinget i 1993. Til neste år blir truleg draumen oppfylt.

Det er praksis i Kulturdepartementet å markera viktige jubilum med ei gåve, og eg har med meg noko som kjem i tillegg til markeringa i budsjettet for neste år. 50 røde roser ville vore eit vakkert symbol, men ei kortvarig markering. I staden gjev vi Festspela 1000 kroner for kvart leveår. I vårt system ligg det ein utbetalingsordre på desse pengane som om kort tid vil koma inn på Festspela sin bankkonto. Eg veit at de vil finna god bruk for dei og ønskjer til lukke med 50-årsdagen!