Historisk arkiv

"Nynorsk - meir enn eit språk?"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

”Nynorsk – meir enn eit språk?”

Noregs Mållag sitt haustseminar ”Nynorsk – meir enn eit språk?”, Teatersalen til BUL, Oslo, 17. november 2001

Gode møtelyd!
Kjære målfolk!
Eg helsar òg til alle andre som er opptatt av norsk språk og skriftkultur.

Det er ei udelt glede for meg å vera til stades her i dag – og at eit av dei fyrste oppdraga eg skulle få som kulturminister vart å opna eit seminar i regi av Noregs Mållag. Dette var ei innbyding eg ikkje kunne seia nei til!

At nynorsk er meir enn eit språk, ja, det er eg for min del ikkje i tvil om. Berre ein rask sveip over dei siste 150 åra i målsoga vår burde vera nok til å fortelja oss det. Og når vi ser historisk på det, kan det heller ikkje vera å ta i - å svara ja på spørsmålet om nynorsk mot bokmål representerer eit kulturelt skilje, ikkje berre eit språkleg. Kanskje har det kulturelle skiljet vore vel så markert som det reint språklege?

Ei anna sak er kor sterkt det kulturelle skiljet er i dag, i det moderne massesamfunnet prega av geografisk og sosial mobilitet, rask teknologisk utvikling og ein flaum av kulturimpulsar som strøymer på oss frå dei fleste verdshjørne, men mest av alt frå ein angloamerikansk kulturindustri som trugar med å støypa oss alle inn i eitt og same kulturelle mønster. Satellittbasert fjernsyn, Internett og mobiltelefoni, kommunikasjonskanalar i rivande utvikling, som er med på å binda heile kloden vår saman på ein ny måte.

Det opnar seg eit utal av spanande utfordringar. Ungdomen vår har fått ein handlefridom som tidlegare generasjonar ikkje kunne drøyma om. Men noko av det vi må spørja oss om, er kva innhald desse kommunikasjonskanalane skal fyllast med, og korleis dei nye kommunikasjonsformene vil kunne endra oss som menneske og som samfunn. Kor blir det av dei faste verdiane våre oppe i alt dette nye? Og kva skjer med vår eigen kultur, vår eigen identitet? Kor blir det kulturelle mangfaldet av? Slik må ein ha lov å spørja utan å bli stempla som kulturpessimist.

Sjølvsagt skal vi ta alt det nye i bruk; det er det ikkje tvil om! Men vi har samstundes ein jobb å gjera, ikkje minst kulturpolitisk, dersom vi skal unngå at den nye teknologien og dei nye kommunikasjonsformene tar heile styringa over oss. Kulturpolitikken – i vid tyding av ordet – blir ikkje mindre viktig i tida som kjem.

I alt dette som har med kulturelt mangfald å gjera, og med kulturell identitet, står språket og det språklege uttrykket sentralt. Presset på norsk språk og kultur i kjølvatnet av globaliseringa og den teknologiske utviklinga er òg nemnt særskilt i den merknaden frå 1999 der fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen ba Kulturdepartementet setja i gang å førebu grunnlaget for ei ny kulturmelding.

Dette byggjer nettopp på den erkjenninga at språk er noko meir enn eit instrument for effektiv kommunikasjon. Språket er òg eit organisk uttrykk for ein kultur og ein identitet som folk og nasjonar over heile verda kjenner ein naturleg trong til å dyrka og forsvara. Noko nærmare grunngjeving enn det trengst eigentleg ikkje.

For oss gjeld dette norsk språk i det heile, og for dei fleste av oss som er samla her i dag - ja, eg vonar alle - gjeld det nynorsk spesielt. Nynorsk, som ein særskild skriftkultur med sin eigen tradisjon og si eiga uttrykkskraft, forskjellig frå bokmål og riksmål, men òg som den eine av dei to offisielle variantane av det norske skriftspråket.

Kampen for nynorsk språk og kultur i dag er ikkje - bør iallfall ikkje vera - ein kamp med front mot bokmål. For – jamvel om nynorsk og bokmål er språklege uttrykk for to ulike tradisjonar, to ulike kulturar, som opphavleg stod mot kvarandre og kjempa om nasjonalt hegemoni, må situasjonen i dag seiast å vera ein annan.

I dag må nynorsk og bokmål oppfattast som integrerte delar i ein nasjonal felleskultur, som eit uttrykk for eit kulturelt mangfald som det ville vera eit stort tap for Noreg som kulturnasjon å gi avkall på. Derfor har den nye samarbeidsregjeringa formulert følgjande som ein del av det politiske grunnlaget sitt i Sem-erklæringa:

Samarbeidsregjeringa vil verna og halda i hevd dei to norske skriftspråka våre, og halda fast ved norsk skriftkultur som ein berebjelke i kulturlivet vårt.

Og skal eit språk haldast i hevd, må det brukast. Det gjeld òg for nynorsk. Då er det ikkje nok å visa til nynorsk litteratur og nynorsk skrifttradisjon som eit tilbod for spesielt interesserte. Det må òg praktisk og økonomisk leggjast til rette for at nynorsk kan tryggja og styrkja posisjonen sin, både som eit levande bruksspråk, og som eit likeverdig offisielt skriftmål ved sida av bokmål.

Ingen på bokmåls- og riksmålssida bør i dag sjå på nynorskfremjande tiltak som eit trugsmål mot deira eiga målform. Eller er det framleis for mykje forlangt?

Har dei til dømes rett dei som hevdar at opplæring i nynorsk sidemål går utover hovudmålet? Etter mi meining gjer vi ungdomen vår ei bjørneteneste dersom vi opnar for at dei som vil, skal få stengja seg ute frå den eine halvdelen av den norske skriftkulturen. Det er i røynda det det dreier seg om - om vi framleis skal ta vare på og halda levande heile den norske kulturarven og skrifttradisjonen vår.

I tillegg kjem det handikap dei ville få som seinare skal arbeida i offentleg forvaltning dersom dei i skulen ikkje har fått skriftleg opplæring i begge våre norske målformer. Ein kan òg snu på det og spørja om det i det heile vil lata seg gjera å halda fast ved dei språklege likestillingskrava i statleg forvaltning utan obligatorisk grunnopplæring i begge målformer i skulen.

Men vi må vedgå at det er mange utfordringar å ta i tak i, både i høve til nynorskopplæringa i skulen og mållikestillinga i staten. Slike utfordringar er til for å løysast, og dei må løysast betre enn i dag dersom vi skal lukkast i arbeidet for å tryggja framtida for nynorsken.

Eg vil invitera alle gode krefter – og ikkje minst målrørsla og alle dykk som arbeider innanfor nynorske institusjonar av ulike slag – til å vera med på ein nasjonal dugnad for nynorsk språk og kultur. Ein slik dugnad bør ikkje minst omfatta pedagogiske utviklingstiltak, med tanke på opplæringa i nynorsk språk og kultur både i skulen og i offentleg forvaltning.

Eg veit at det er mykje slikt arbeid som alt er gjort, og at mange av dykk har idear til korleis mangt og mykje kan forbetrast. Eg synest vi skal prøva å samla alt dette og få det kanalisert inn i dei rette kanalane, slik at det i større grad kan takast i bruk i den språklege kvardagen.

Edvard Hoem har i ei lita bok han har kalla ”Mitt tapre språk” frå 1996, stilt eit spørsmål om nynorsken si stilling som kan lesast både som resignasjon og framtidsvon, alt etter kva humør lesaren er i. Han seier det slik:

”Når nynorsken kunne veksa fram under så karrige kulturelle kår som det norske samfunnet hadde å by på attenhundretalet, og blomstra så rikt som han gjorde i første halvdel av vårt hundreår, korleis kan det da ha seg at det rike norske samfunnet ved inngangen til det tredje årtusen ikkje ser ut til å ha generøsitet nok til å ta vare på to skriftformer, som kvar for seg har så rik tradisjon ?” 1Edvard Hoem: Mitt tapre språk. Det Norske samlaget. Oslo 1996, s. 10.<o:p></o:p></i></span></p> <p class=MsoNormal><i><span lang=NO-NYN style='font-size:12.0pt;mso-bidi-font-size: 10.0pt;font-family:

Eg er ikkje i tvil om at det norske samfunnet i dag har ein slik generøsitet. Men nynorsken kan ikkje leva av luft og kjærleik åleine. Til det er den språklege overmakta til bokmålet for stor. Jamvel om målrørsla og den institusjonaliserte nynorskverda gjer ein kulturinnsats det står respekt av, har dei to målformene våre heilt ulike konkurransevilkår. På dei fleste av språkbruksarenaene i samfunnet slepp ikkje nynorsken til. Det er marknadskreftene som rår grunnen både i rikspressa, i dei store forlagshusa, i næringslivet generelt og på mange andre felt. Nynorsken har mot seg eit fleirtalspress. Og i dette ligg det innebygd ein naturleg mekanisme som ikkje er noko særsyn for tilhøvet mellom bokmål og nynorsk, ja, ikkje for språklege tilhøve i det heile: Den som har fått eit overtak, har i kraft av dette ein sterk fordel. Vi kjenner den same mekanismen også i uttrykket ”mykje vil ha meir”. Difor kan vi heller ikkje ta siger og tap som eit prov for ulik kvalitet. Dersom vi kan undrast over noko ved den norske språksituasjon i dag, så er det ikkje at nynorsken står så svakt; nei, det underlege er at han viser seg så livskraftig og produktiv som det han faktisk gjer!

Det er mange måtar å samanfatta stillinga for nynorsken på. Ein måte er – som det har vore sagt – at nynorsk er eit undertrykt fleirtalsmål med mindretalsproblem! Kva er det så som er kjernen i desse problema? Eg trur svaret er så enkelt som mangel på naturleg og dagleg nynorsk tekstkontakt. Dette er nok den store bøygen, både for alle som vil halda fast ved nynorsken og ikkje minst for dei som skal skriva nynorsk som sidemål.

Kva kan vi så gjera frå statleg hald for å stimulera og leggja til rette for nynorsken – for å utlikna nokre av dei mindretalsproblema som vi strir med ?

Eg har førebels for kort tid i ministerstolen til at eg har hatt høve til å gå gjennom alt dette. Men eg nemnde den generelle kulturmeldinga som Stortinget har bedt om, og at presset på norsk språk her var trekt fram som eit sentralt tema. Det er arbeidet med å førebu ei slik melding eg ser for meg som det beste utgangspunktet for å leggja til rette for ein samla gjennomgang av norsk språkpolitikk. I samband med dette arbeidet må vi gå inn i dei store og vanskelege sakene dersom vi skal kunna få tid til å utvikla ein språkpolitikk med substansielle tiltak over ein brei front.

Alt no i haust må ei leggja fram den lovpålagde meldinga om målbruk i offentleg teneste. Dette meldingsarbeidet kjem brått på meg, og det er difor grenser for kva eg kan få med av ulike tema og tiltak.

Mange tema høyrer med i ein meir samla språkpolitikk, både for å styrkja norsk språk i det heile og nynorsken spesielt. To tema har stått på dagsordenen i mange år og vil stå særleg sentralt i arbeidet vidare i departementet. Det er temaet språk og teknologi, som har mange ulike aspekt, og det er følgjene av den tiltakande fristillinga av statleg verksemd for reguleringa av tilhøvet mellom bokmål og nynorsk i staten.

Dette er spørsmål der det er krevjande å finna gode og rimelege løysingar, og det er av dei ting eg gjerne drøftar både med målrørsla og andre aktørar i tida framover.

Eg inviterer i det heile til ein dialog om alle spørsmål som kan hjelpa oss med å utvikla ein samla språkpolitikk for framtida. La oss gjerne kalla det eit handlingsprogram for norsk språk.

Til slutt vil eg takka for den mottakinga de i målrørsla har gitt meg som ny kulturminister. Eg ser at de ventar dykk mykje, men i samarbeid med alle gode krefter bør det vera råd å få noko gjort!

Med dette erklærer eg haustseminaret i Noregs Mållag 2001 – Nynorsk – meir enn eit språk ? - for opna.