Historisk arkiv

Opninga av vandreutstillinga "Menneskerettane"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kyrkje- og kulturminister Valgerd Svarstad Haugland

Opninga av vandreutstillinga "Menneskerettane"

Regjeringskvartalet R5, Oslo, 24. oktober 2001

Gode kunstvener!

I dag er den internasjonale FN-dagen.

I 1948 vedtok og kunngjorde den tredje hovudforsamlinga i FN Verdsfråsegna om menneskerettane.

Menneskerettane er grunnleggjande fridomar. Respekten for menneskerettane og menneskeverdet er grunnlaget for fridom, rettferd og fred i verda.

Fråsegna om menneskerettane slår fast at kvar person er ein unik skapning.
Desse rettane er:

- retten til liv;
- tankefridom,
- meiningsfridom,
- trusfridom og talefridom;
- fridom frå slaveri,
- fridom frå tortur,
- lik rett for lova,
- fridom frå tilfeldig arrestasjon og retten til ein rettferdig rettargang;
- retten til utdanning,
- retten til ein tilfredsstillande levestandard, medrekna god helse og nok mat, óg -
- retten til arbeid og til å skipa og vera med i fagforeiningar.

Det meste tar vi som ein sjølsagt ting, men det er det mange andre som ikkje kan.

Fråsegna om menneskerettane seier også noko viktig om kunst. I artikkel 27 slår fråsegna fast at:

"Alle har rett til fritt å vera med i det kulturelle livet i samfunnet, til å nyta kunst og til å få sin del av dei vitskaplege nyvinningane og goda som følgjer med dei."

"Alle har rett til å få verna dei åndelege og materielle interessene dei har skapt gjennom vitskapleg, litterært eller anna kunstnarleg arbeid."

Kunsten er utgangspunkt for tilstellinga i dag.

I samband med 50-årsjubileet i 1998, tok Artist for Human Rihts Trust i Sør-Afrika initiativet til å gje Menneskerettsfråsegna ei kunstnarleg tolking. Kunstnarar fekk tildelt kvar sin artikkel i Menneskerettsfråsegna. Ein artikkel vart utgangspunkt for kunstverket. 30 kunstnarar frå 25 land utanom Europa og USA deltok. Utstillinga vart først vist i Durban Art Gallery i årsskiftet 1999/2000.

No er utstillinga komen til Noreg. Det har skjedd ved at det vart laga ei mappe av dei grafiske verka og at norske Riksutstillingar kjøpte eitt av dei 50 setta.

Det er viktig for meg som kjem frå landsbygda å understreke at ein ikkje treng bu i ein av dei store byane for å oppleve kunst. Riksutstillingar har som føremål å føre god kunst fram til folk både i bygd og by. Institusjonen turnerer for tida 28 ulike kunstprosjekt til kustarena galleri, kunstarena skule og kunstarena vrimlerom. Vandreutstillinga Menneskerettane er eitt av dei 13 tiltaka som vert tilbydd Kunstarena skule.

Utstillinga blir vist her i Regjeringskvartalet i ein månad. Men frå 2002 skal utstillinga delast to parallelle utstillingar og turnere til norske grunnskular.

Fingeravtrykket er valt som symbol og "logo" for utstillinga. Fingeravtrykket er eit sterkt symbol. Alle menneske har det til felles, men samstundes har alle sitt heilt unike avtrykk som gjer det mogleg å kjenna att og identifisera kvar einskild person.

Då FN vedtok Verdsfråsegna om menneskerettane i 1948, oppmoda Hovudforsamlinga alle medlemsstatane til å gjera teksten kjend og sitat:

"syta for at han blir spreidd, framvist, lesen og forklart særleg i skular og andre læreinstitusjonar, utan omsyn til kva politisk status dei ulike landa eller områda har".

Når Riksutstillingar no sender grafikkutstillinga Menneskerettane til kunstarena skule, er det ein god måte å svara på denne oppmodinga frå FN på.

Med dette har eg gleda av å erklære vandreutstillinga for opna og ønske Riksutstillingar og norske skolar lykke til med prosjektet!