Alle må kunne ferdast trygt på kyrkjegardane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 05.07.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 54/02
Dato: 05.07.2002
Kontaktperson: Statssekretær Berit Øksnes Gjerløw,
tlf. 22 24 78 02 / 480 82 622
Alle må kunne ferdast trygt på kyrkjegardane
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland ønskjer å betra tilhøva ved kyrkjegardane. - Alt må gjerast for at vi skal kunne ferdast trygt på kyrkjegardane våre, seier statsråd Svarstad Haugland i ein kommentar til den tragiske ulykka på Værnes kyrkjegard i Stjørdal.
Statsråd Svarstad Haugland vil ta initiativ retta mot dei lokale instansane som har ansvar for drifta på kyrkjegardane. Statsråden har no sett i gang arbeidet i departementet med å utarbeide ei praktisk rettleiing. Etter gravferds-forskrifta er det forbod mot å ha gravminne som er "til fare for dem som ferdes på kirkegården". Arbeidet med bolting av eldre gravminne må derfor halda fram så raskt som råd er. Dersom eigaren av gravminnet ikkje gjer det som trengst, må dei ansvarlege instansane få arbeidet utført eller eventuelt leggje ned eller fjerne gravminnet.