Auka tilskot til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 03.10.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 75/02
Dato: 03.10.2002
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavd., tlf. 22 24
80 00
Auka tilskot til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek
Løyvinga til Norsk lyd- og
blindeskriftbibliotek blir foreslått auka med
5,5 mill. kroner til 35,8 mill. kroner i 2003. – Ein
føresetnad for denne løyvinga er at tilbodet av skjønn- og
studielitteratur til syns- og lesehemma studentar blir betra. Det
må dessutan setjast i gang tiltak for å gje døvblinde
utskriftsteneste, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad
Haugland.
Av sterke utdanningspolitiske, kulturpolitiske og sosialpolitiske grunnar må oppgåvene som i dag er lagde til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, løysast på ein god måte og i et tilstrekkeleg omfang. Departementet vil derfor greia ut korleis folkebibliotek- og studielitteraturtenester til syns- og lesehemma best kan organiserast og finansierast i framtida.