Forsvarets distriktsmusikkorps i Halden og Kristiansand blir sivile korps
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 08.11.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 103/02
Dato: 08.11.2002
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, tlf. 22 24 80
00
Forsvarets distriktsmusikkorps i Halden og Kristiansand blir sivile korps
Regjeringa foreslår at Forsvarets distriktsmusikkorps Østlandet i Halden og Forsvarets distriktsmusikkorps Sørlandet i Kristiansand blir lagt om slik at dei to korpsa får vidare drift som sivile korps. Omlegginga vil gjelde frå 1. januar 2003. Dette går fram av St.prp. nr. 1 (2002-2003) Tillegg nr. 4, om endring av Kultur- og kyrkjedepartementets budsjettforslag for 2003.
Det er semje om å foreslå vidareføring av musikarressursane innanfor ramma av to modellar. Dette er resultatet etter drøftingar mellom Kultur- og kyrkjedepartementet, Forsvarsdepartementet, vertsfylkeskommunane og kommunane, dei tilsette sine organisasjonar og representantar for korpsa.
I Halden vil 21 av musikarane i Forsvarets distriktsmusikkorps Østlandet bli overført til ei ny stifting. Denne vil i tillegg bli supplert med nokre fleire musikarar. Kultur- og kyrkjedepartementet, Østfold fylkeskommune og Halden kommune er einige om ei ramme for det totale offentlege tilskottet på 18 mill. kroner. Denne er fordelt med 70 prosent på staten og 30 prosent på regionen. Det sivile korpset i Østfold får status som region-/landsdels-institusjon. Dermed vil den lange korpstradisjonen med utgangspunkt i Halden bli vidareført.
I Forsvarets distriktsmusikkorps Sørlandet har 19 musikarar valt overføring til ny stifting. Det vil vera naudsynt med nokre fleire musikarar for å oppnå eit funksjonsdyktig korps. Det sivile korpset vil inngå i same stifting som Kristiansand Symfoniorkester. Denne har status som region-/landsdelsinstitusjon. Korpset og orkesteret vil innanfor stiftinga utgjera to kjerneensemble. Desse vil halde konsertar både kvar for seg og i fellesskap. Denne ordninga vil leggje til rette for ein fleksibel bruk av musikarressursane til beste for regionen og fører til at korpset får lågare utgifter enn det ville fått som ei sjølvstendig stifting. Ramma for det totale offentlege tilskottet til korpseininga blir 15,6 mill. kroner, fordelt med 70 prosent på staten og 30 prosent på regionen.