Historisk arkiv

Styrking av dåpsopplæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 84/02
Dato: 03.10.2002
Kontaktperson: Eksp.sjef Ole H. Fisknes, Kyrkjeavdelinga, tlf. 22 24 79 00 og Avdelingsdirektør Jørn Hagen, Kyrkjeavdelinga, tlf. 22 24 79 10

Styrking av dåpsopplæringa

Ei særskild løyving på 5 mill. kroner er foreslått til styrking av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja. – Dåpsopplæringa er eit av dei viktigaste satsingsområda for folkekyrkja framover, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland. Ho er glad for at dåpsopplæringa er prioritert i framlegget til statsbudsjett.

Løyvinga skal mellom anna gå til forsøks- og utviklingstiltak innanfor opplæringsfeltet og til nye stillingar innanfor den kyrkjelege undervisninga. Den konkrete bruken av midlane vil departementet drøfta med Kyrkjerådet.

Ei stortingsmelding om reform av dåpsopplæringa i Den norske kyrkja skal leggjast fram i oktober i år. I meldinga vil regjeringa presentera målet og grunnlaget for ei framtidig, brei satsing på dåpsopplæringa.