Auka satsing på Den kulturelle skulesekken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 06.06.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Regjeringa har i dag lagt fram ei stortingsmelding om denne satsinga. (06.06.03.)
Pressemelding
Nr.: 55/03
Dato: 06.06.2003
Kontaktperson: Fung. avdelingsdirektør Elisabeth Solberg,
tlf. 22 24 80 48
Auka satsing på Den kulturelle skulesekken
Med bakgrunn i Stortingets vedtak om å endre nøkkelen for fordeling av overskotet frå Norsk Tipping AS vil no satsinga på profesjonell kulturformidling i skulen bli trappa kraftig opp. Regjeringa har i dag lagt fram ei stortingsmelding om denne satsinga.
- Med denne stortingsmeldinga har Regjeringa trekt opp rammene for eit viktig kulturpolitisk satsingsområde. No er det opp til kommunane, skulane og kunstnarane å tenkje gjennom korleis dei skal samarbeide for å fylle skulesekken med kunst og kultur. Dei må òg ta stilling til korleis kunst- og kulturressursar skal integrerast i skulekvardagen, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
I 2003 er avsetninga til Den kulturelle skulesekken 60 millionar kroner. Denne summen vil kunne auke til 120 millionar i 2004 og 180 millionar i 2005. Midlane skal fordelast årleg på bakgrunn av speleoverskotet i Norsk Tipping.
Meldinga skisserer oppgåvefordelinga mellom lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Ein sentral bodskap i meldinga er at utviklinga av Den kulturelle skulesekken ikkje skal vera underlagd sterk sentral styring, men gi rom for mange lokale variantar og prioriteringar.
For 2003 er 36 millionar kroner fordelt til fylkeskommunane. Dei resterande 24 millionane til Den kulturelle skulesekken skal forvaltast av ABM-utvikling og Norsk kulturråd til definerte satsingsområde:
- 3 mill. kroner til formidling av dei visuelle kunstartane (biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design)
- 3 mill. kroner til formidling av musikk
- 5 mill. kroner til produksjon og formidling av scenekunst
- 5 mill. kroner til prosjekt innanfor litteraturformidling, stimulering av leselyst og samarbeid mellom folkebibliotek og skulebibliotek
- 5 mill. kroner til utviklingstiltak og formidlingsverksemd i vitensentra
- 3 mill. kroner til prosjekt og formidling innanfor kulturarv og kulturminne