Direktør til nytt kompetansesenter for norsk språk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 31.03.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Seks søkjarar til stillinga som direktør ved kompetansesenteret for norsk språk. (31.03.03)
Pressemelding
Nr.: 29/03
Dato: 31.03.2003
kontaktperson: Avdelingsdirektør Stein Sægrov, tlf. 22 24 80 26
Direktør til nytt kompetansesenter for norsk språk
Til stillinga som direktør ved det nye kompetansesenteret for norsk språk har det meldt seg seks søkjarar, tre kvinner og tre menn.
Søkjarane er:
- Underdirektør Kari Bjørke, 41 år, Oslo
- Direktør Sigve Gramstad, 54 år, Oslo
- Rådgjevar Jan Hoel, 52 år, Oslo
- Førsteamanuensis Johan Myking, 51 år, Lindås
- Seksjonsleiar Anne Svanevik, 49 år, Oslo
Ein av søkjarane ønskjer ikkje namnet sitt offentleggjort.
Kompetansesenteret for norsk språk er ein ny institusjon som skal etablerast gjennom omdanning av Norsk språkråd. Føresetnaden er at den som blir tilsett som direktør, skal delta i omdanningsprosessen og vera med å byggja opp den nye institusjonen frå grunnen av.
Prosjektskisse for utvikling av eit nytt kompetanseorgan for norsk språk